Wednesday, July 11, 2018

Den djupe grenda

Underleg er det å vera
i fedregrenda,
og frykte at den djupe grenda bakom
skal ta det siste andedraget.
Då har vi berre att den grunne grenda,
som er ein illusjon
frå Amerika.

I den grunne grenda
har plassmålaren vorte
ein kulissemålar,
for kulisseplassar,
lik fototapet
med sponplatar bakom.

I den djupe grenda
syng ein songane åt fedrane sine.
Ein vyrder og aktar dei gamle plassane,
lik levande historiemåleri
i landskapet.
Måla med kraftfulle penslar,
av autonomi, krinslaup og retrovasjon.

I den grunne grenda
har dei gamle plassane
vorte villaparkar.
Ein dyrkar ikkje permakultur,
men får alle behov dekte utanifrå,
gjennom røyr, kablar, bilar
og pumpehus.

I den djupe grenda
rår stilla,
og elden bakom,
frå dei som gjekk føre,
brenn sterk og klår.
Viss denne elden sloknar,
rår berre den grunne grenda,
og då kjem kulden
snikande.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...