Skip to main content

Posts

Featured Post

Per Pedell ved Skreiens bedehus

Recent posts

Politiske prosessar

Dei seier eg ikkje skjønar meg på politiske prosessar, og dei har rett. Eg skjønar meg berre på generative prosessar. Desse er langsame, dei formar seg etter anda åt plassen, steg for steg.
Slik ynska eg å leva på plassen vår, steg for steg, dag for dag, år for år. Utstyrt med ei lang rekkje små historiepenslar, kvar til sitt bruk. Etter å ha teke eit lite historiestrok, ville eg respektfullt ha trekt meg attende, for å grunde på om kuløren harmonerte med dei gamle kulørane.
Dei som plasserte pumpehuset ved tunet på Grythengen, gjorde ikkje det. Då eg kom heim att frå Dyssekilde økolandsby, stod det berre der, høgt, skakt og heseleg, skrudd fast i undergrunnen. Utan eit snev av respekt for det historiske tunet oppe på garden vår.
Slik er dei politiske prosessane våre, dei øydelegg alt som er verdt å leva for. Gardstuna våre, grendene våre, byane våre. Vi har vorte Kjøpesenterlandet!
Nei, takke meg til dei generative prosessane til Christopher Alexander og oldefaren min, han som bygde…

Under epletreet

Nokre gonger når det er heilt stilt og vinden kviskrar i lauvet, sit eg under epletreet i hagen med kaffekoppen, i sumarsola.
Då hendar det at dei som var her før vågar seg ut frå våningshuset, og fyller hagen, tunet og gamlevegen. Eg kan sjå dei gå med lærstøvlar og vadmålsbukser bakom stakitten. På tunet leikar borna, og attmed meg tek oldefar seg ei velfortent dugurdskvile i slåttonna.
Brått brytast stilla,
og dei vert alle skremde inn att i tryggleiken åt våningshuset. Eg trur eg går inn, eg òg.

Sammen med Holmstadengen inn i solnedgangen

Kveldshimmel over Øverskreien

Historiehjulet som stogga

Kva gjer du her, gamle historiehjul?
Eg har lett etter deg,
og fant deg til slutt
rustna fast
i botnen av Olteruddalen.
Kvifor kasta vi deg utfor dalsida,
for å gløymast?

Du har køyrt deg fast
i seinmoderniteten,
den som etsar sund
alt som var før.
Inga olje kan løyse deg,
slik at du kan byrja å rulle att,
på den gamle plassen din.

Ingen saknar deg lenger no,
gamle historiehjulet mitt.
Menneskja i dag
rasar berre av garde
i stor fart
på syntetiske gummihjul,
som endar opp
som mikroplast
i hava.
Mens du endte dagane dine
her i Olteruddalen,
og gjer inkje skade.

Det seinmoderne mennesket
trur det klarar seg vel
utan deg,
utan røter,
utan ei kjelde.
Men kva ville Olterudelva vore
utan Tjuvåstjernet?
Takk uansett for den lange tida
du fekk lov til å rulle
på plassen vår,
og i grenda vår.
Trist tykkjer eg det er,
at du aldri her skal rulle att.

Den djupe grenda

Underleg er det å vera i fedregrenda, og frykte at den djupe grenda bakom skal ta det siste andedraget. Då har vi berre att den grunne grenda, som er ein illusjon frå Amerika.
I den grunne grenda har plassmålaren vorte ein kulissemålar, for kulisseplassar, lik fototapet med sponplatar bakom.
I den djupe grenda syng ein songane åt fedrane sine. Ein vyrder og aktar dei gamle plassane, lik levande historiemåleri i landskapet. Måla med kraftfulle penslar, av autonomi, krinslaup og retrovasjon.
I den grunne grenda har dei gamle plassane vorte villaparkar. Ein dyrkar ikkje permakultur, men får alle behov dekte utanifrå, gjennom røyr, kablar, bilar og pumpehus.
I den djupe grenda rår stilla, og elden bakom, frå dei som gjekk føre, brenn sterk og klår. Viss denne elden sloknar, rår berre den grunne grenda, og då kjem kulden snikande.

Solhaug, Grythengen, Sundby og Grythe i en tunhalvsirkel