Friday, March 4, 2011

Konsumenttrollet

 
Det norske folk er eit digert troll med fem millionar hovud som glefsar i seg alt det får fatt i. Ingen kan kappete med oss. Seks hundre tusen nye tv-ar berre i 2009. Ti millionar fleire flypassasjerar og nær ein halv million fleire bilar dei siste ti åra. Me har dobla importen frå Kina på fem år, og dei byggjer eit hundretals gasskraftverk i året for å produsera billege varer for Vesten.
Når regjeringa no offisielt har erklært at billeg straum er viktigare enn urørt natur, kan me halda fram med gildet. Imens veks søppelberga, lufta blir stadig varmare og sola skin stadig sterkare. Og me har tydelegvis gløymt kva som skjer med troll som får for mykje sol på seg. - Ingebjørg Bleie. Medisinstudent, Universitetet i Bergen. Leserbrev i Morgenbladet nr. 9, 2011
Så nokre fakta frå Dag og Tid.
Sidan krigen har folkemengda i Noreg auka frå 3,15 millionar til nær fem millionar, og i dei neste førti åra vil det koma til minst ein million. Jordarealet pr. innbyggjar er nå 2,2 dekar, mot 2,7 på verdsbasis. Berre ein tredjedel av vårt areal høver for korn, og ein stor del av norsk korn kan berre nyttast til dyrefor. I tillegg kjem kaldt klima og avhengnad av kunstgjødsel og energikrevjande teknologi. Sidan 1993 er norsk matvareimport dobla og er nå over tre millionar tonn. Målt i kaloriar er sjølvberginga av mat rundt 50 prosent. Annankvar nordmann lever på importert mat. - Vidar Lehmann. Lækjar, Bergen. Kronikk i Dag og Tid nr. 9, 2011.
Vidare lesning:

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...