Svingplogen hans oldefar

Du stend so byrgt
på kjørbrua
åt låven din,
på denne plassen
kor du gjorde
jobben din,
du svingplogen
åt oldefaren min.

Svært var det
då du kom til gards,
her hadde berre vore treplog,
no vart det jarnplog,
som gampen fekk dra,
du vart sete storleg
pris på då.

Eg er den einaste
som verdset deg no,
riktig glad vart eg
då eg deg fekk sjå.
Eg drog deg ut
til stort spetakkel
frå skrothaugen som er att
etter låven din.
Gløymt var du,
rustna er du,
men eg er byrg over
å halde deg,
for det gjorde òg
oldefaren min.

No er alt borte,
du gamle plogen min,
dei som bur her no
har ingen vørdnad for
den gamle husmannsplassen din.
Dei tykkjer nok at du
er berre skrot,
at det av deg
spiker skulle vorte gjort.
Men for meg
er du eit monument
over stortida
åt oldefaren min.

-Flickr.

Popular posts from this blog

Tenk langsiktig og lokalt! – intervju med Nikos Salingaros

Skogfinner & nyromantiske seinpietister

Arbeidsmarkedstaker-prostituert