Saturday, August 4, 2018

Takhøgd

Haugianarne tykte du gjorde
døra for høg
og porten for vid,
du rosenianar i Holmstadengen,
men då hadde dei ikkje
vore på soverommet ditt,
der du svav saman med
far din og syster di
frå Spydeberg.

Her var ikkje vidare til takhøgd,
og du måtte krøkje deg godt
då du gjekk gjennom
soveromsdøra di,
etter ein lang arbeidsdag
i gråsteinsjorda.
Kan hende var det difor
forkynninga di fekk slik ei
stor takhøgd?

Eg vonar det ikkje var deg
Inger Lise Rypdal
frå Skreia,
hadde i tankane,
då ho song om bedehusfolket?
For hadde menneskevenen Erik Bye
kome hit,
i stortida di,
ville han bøygd seg
i støvet.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...