Saturday, September 26, 2020

Oldefarbjørka

Kjære oldefarbjørk,
i dag gjekk eg forbi deg
med jentene mine,
du er deira tippoldefarbjørk.
Eg fortalde dei at du er heilag,
at du ikkje kan røyrast,
noko dei tykte var litt rart.
Men eg forklarte dei at det er greit
å gje deg ein klem.
Då vart dei glade.

Under bjørka her satt du,
kjære oldefar,
og filosoferte til tonane frå Olterudelva.
Du var det som heilaga denne bjørka
for etterslekta.
Filosofistigen din til Grythengen
gjekk opp dalsida rett nedom bjørka.
No er denne broten,
som det meste ved augnesteinen vår.
Oppe på tunet ditt
er ikkje lenger nokon fred,
berre gauling,
dur og hyl.
Men under bjørka di
kan ein framleis nyte elvesongen.

Vondt gjer det å sitja under deg no,
kjære oldefarbjørk,
og veta at her
er inkje lenger noko heilagt,
slik som du er det.
Dei hogg i stykke gardskoronaen
rundt plassen vår,
for å kunne nyte venleiken og roa
ved dei grøne enger.
Som om han var ei kulisse!

Nei, vi er ikkje kulisser,
du og eg,
vi har begge røtene djupt planta
i denne jorda.
Vi er historieberarar!
Det er vi som høyrer heime
i denne gråsteinsjorda.
Røtene våre ligg her.

Diverre slutta historiehjulet å rulle
ved dette storarta elvebruket
etter Olterudelva.
Herr Fossemøllens augnestein
var eit levande historiemåleri
i kulturlandskapet på Toten.
Men dei ville ikkje la det få hengje i fred
for å pryde nasjonen vår,
slik at eg og jentene mine kunne få
måle vidare på historia
åt fedrane våre.
Du har sett dei alle du,
kjære oldefarbjørk,
og i dag fekk den siste dottera
av herr Fossemøllens slit
sjå deg.

Eg lyt fera herifrå so fort det vert ei råd,
kjære oldefarbjørk,
eg og jentene mine,
då gardstunet oppe på Grythengen
tappar oss for all kraft.
Tunet er hjartet åt garden,
og når tunhjartet sluttar å slå,
døyr kulturberaren saman med tunet.
Difor lyt vi flykte,
for å overleva.

Godt gjer det lell å veta,
i landflyktigheit,
at du står trygt her i jorda vår,
kjære bjørk,
oldefarbjørk
og tippoldefarbjørk.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...