Med hovudet i Riftdalen
Publisert hjå Kulturverk den 23. ferbruar 2013 under tittelen: Med hovudet i Riftdalen – frå olje veks ingenting . Republisert hjå Debatt1 i høve valet 2017 . Riftdalen i Aust-Afrika. Foto: Eright Eit stendig gjenteke spørsmål i norsk presse er kva vi skal leva av etter olja? Sett i ljos av at vi bruker rundt sju kaloriar , det meste frå olje, for å bringe fram ein kalori i form av mat til sluttbrukar, kan dette tykkjast som eit godt spørsmål . Men det er neppe dette journalistane har i tankane. Truleg tenkjer dei mest på korleis vi skal kunne oppretthalde forbruk, velferdssystemet og pensjonane, og ikkje so mykje på brødet på bordet. Rett nok lev ikkje menneska av brød åleine, men mykje tyder på at vi bør fokusere meir på basisbehova. Eit betre spørsmål frå journalistane ville vore å spørje korleis vi skal overleva i framtida, men dette er ikkje ei overskrift som sel aviser. Framleis vert dei fleste eg talar med distanserte eller nærast aggressive når eg reiser dess...