Etter å ha lagt bakom oss eit hundreår med store ideologiske slag, stend vi att med ein symbiose mellom kapitalisme og modernisme. Symbiosen med modernismen var òg eit kjenneteikn til den største utfordraren, sosialismen, og vitnar om at dei båe har sams ideologiske røter, som
eit mekanistisk verdsbilete og
ei djup tru på framsteget.
Frankfurtskulen med sin ”kritiske teori” forma mykje av det ideologiske grunnlaget for modernismen på 1930-talet. Dei erklærte at tradisjonen er den største fienden til framsteget, dette inkluderte alle historiske og tradisjonelle arkitekturuttrykk. Desse folka knytte saman historisk arkitektur med klasseundertrykking. Etter den andre verdskrigen vart samanhengen mellom tradisjonar og undertrykking styrka, då nazisme og tradisjon vart sett i same båsen. Dette trass i at nazismen, på same vis som andre ideologiske rørsler, søkte å underleggja innbyggjarane ein sentralstyrt statsideologi. I kvass kontrast til tradisjonar, som gjev borgarane eit fundament i seg sjølve, evolverte mønsterspråk dei kan uttrykka gjennom samfunn fridd frå sentral overstyring. Utprøvd på lik line med velfungerande økosystem etter prøve og feilemetoden, der dei mest velfungerande mønstra vart selekterte og ein del av det kulturelle DNA-et. Særleg var dei arkitekturrelaterte mønsterspråka uendeleg komplekse og velfungerande uttrykk for avansert mellommenneskeleg interaksjon, der menneske-naturrelasjonen òg vart ivareteke. Modernismen søkjer tvert om å bryta all kontakt mellom menneske og natur.
Dette spektakulært vakre arbeidet, elegant, formelt, og totalt fråkopla verda rundt seg, representerer ein form for motreaksjon til dagens lærte tanke og praksis. – Uttaling frå ei 1970-tals utstilling
Som eit uttrykk for maskinalderen oppdaga kapitalkreftene fort at modernismen var som skapt for å maksimera profitt, djupt ironisk sidan det var opprøret til borgarskapet og kapitalismen som var drivkrafta til dei marxistiske tenkarane bakom modernismen.
|
Shanghai. Foto: J. Patrick Fischer |
Modernismen framelska nye industrielle material, som glas, stål og betong, samt enkle typologiar, som rektangulære flater, kubar og pyramidar. Geometrisk og spatial kompleksitet vart forbode. Kontekst vart sett på som irrelevant. Eit ideelt utgangspunkt for profittmaksimering.
Samanhengen mellom profitt og framsteg er i dag eit udiskutabelt dogme, dess raskare vi maktar å omsetja naturressursar til pengesymbol lagra i serverar, dess nærare kjem vi det teknologiske Nirvana.
Trua på framsteget har heilt og fullt teke dei tradisjonelle religionane sin plass.
Dei fleste trur at kapitalist-modernismen stend att som einerådande grunna ein darwinistisk seleksjon, at han stend åleine på pallen rett og slett fordi han er best. Dette inntrykket vert næra av enorme kapitalkrefter og politiske system som har alt å tena på status quo.
Terje Bongard har vorte lova støtte for å utgreie ei demokratisering av produksjonen og naturressursane, basisen for eksistensen vår, men trass i dette heilt utanfor demokratisk kontroll. Kapitalbygging vert i dag rekna som noko av det mest samfunnsnyttige eit menneske kan via livet sitt til. Gjennom gjeldsslaveriet og lokkande pensjons- og lønningssystem vert vi alle pensa inn på den heilage vegen for sokalla verdiskaping, målt i BNP. Dette ynskjer Bongard å rokka ved.
Kapitalismen byggjer i røynda på ei av dei svartaste kreftene vi finn hjå mennesket, den mørke sida av handikapprinsippet. Evolusjonen er todelt med naturleg og seksuell seleksjon. Naturleg seleksjon er ein favorisering av dei individa som er best tilpassa omgjevingane. Seksuell seleksjon er fundamentert i handikapprinsippet, der eit handikapp som i utgangspunktet gjev større risiko for å døy vert føretrekt av det motsette kjønn, då fyrst og fremst av hokjønnet. Dess større handikapp, dess sterkare genar trengst for å bera det. Difor er det mest vi hannar som er dømde til å drassast med alle desse handikappa, særleg godt illustrert gjennom påfuglhalen. Men denne lidinga aksepterar vi gladleg so lenge det gjev oss moglegheit til å para oss og slik vidareføre genane våre.
Seksuell seleksjon har skapt utruleg mykje venleik i naturen, tenk berre på fjørprakta til paradisfuglane og all den vakre fuglesongen om våren. So kva eg kallar den mørke sida av handikapprinsippet har òg gjeve oss mykje venleik, sant å seia, i naturen gjev det oss berre venleik. I menneskekulturen har dette prinsippet òg gjeve oss mykje venleik, noko til dømes storgardane på Toten vitnar om.
|
"Påfuglhalen" til storbonden på Toten. Lell smeltar garden inn i kulturlandskapet, den vert eit med dette, og vitnar difor òg om at bonden såg seg sjølv som del av ein større heilskap. |
Sjølv ser eg det slik at den venleiken vi finn i tradisjonell kultur har ein tredelt natur; egoet, det biofile, og det religiøse. Det er berre innan modernismen egoet spelar åleine, som i bygningane til den danske arkitekten Bjarke Ingels. Å hevda at menneska berre er motiverte av handikapprinsippet vert for meg for reduksjonistisk.
Mennesket stend i ei særstilling samanlikna med andre dyr, då vi kan velja kva for ei side av handikapprinsippet vi føretrekk å uttrykkja sett ut frå den samanhengen vi stend i. I utgruppe-storsamfunn gjeld det å synast gjennom store hus, sporty bilar eller det siste innan mobilteknologi. Det er om å gjera å finna sin eigen stil, å ikkje verta ei grå mus, å verta lagt merke til.
Kvar einaste person skal verta unik gjennom forbruk, dette tankegodset er fundamentet båe for forbrukarkulturen og den arkitekturen vi ser i dag.
Bongard søkjer tvert om å dyrka fram den andre sida av handikapprinsippet gjennom å forma eit inngruppesamfunn, der den gode krafta i dette fundamentale prinsippet kan slå djupe røter. I inngruppa gjev det ingen status å vera prangande, å sløse, å berre tenkja på seg sjølv. Tvert om, det som gjev respekt er omtanken for nesten, å syne at ein er eit ressursmenneske gjennom å visa sjenerøsitet til dei andre. Der du tek den svakaste sitt parti for å visa at du er eit godt menneske med overskot. Den som sluntrar unna og berre tenkjer på eiga vinning vert rangert lågast i flokken.
Biofili tyder naturkjærleik. Biofil design gjeng i dag i to retningar, der den mest vanlege berre søkjer å fylla opp eit sterilt landskap med blomar og planter. Ein kamuflerar med andre ord ein mislukka design utan å ta eit oppgjer med denne.
Den andre retninga av biofil design gjeng mykje djupare, då han hevdar at sjølve materien kan gjerast organisk gjennom å uttrykka dei mønstra og skapingsprosessane ein finn i naturen. Denne retninga har opphavet sitt i arbeida til
Christopher Alexander, og er tungt dokumentert.
Disiplinen miljøpsykologi (Environmental Psychologi) byrja innan arkitekturfakulteta, som ei naturleg utforsking av korleis omgjevingane verkar inn på folk. So snart dei fyrste resultata (fleire tiår sida) indikerte at noko av den mest fasjonable samtidsarkitekturen og urbane typologiar, rom, og overflater, kunne generere fysiologisk og psykologisk angst i brukarane, mista arkitektane interessa for faget. Miljøpsykologifaget flytta ut eller vart systematisk relokalisert utanfor arkitekturakademia, inn på psykologiske fakultet, kvar dei er å finna i dag. (Salingaros, 2013).
Sjølv er eg overtydd om at inngruppe-modellen må kopla seg til den djupe forma av biofil design for å ha noko framtid, på same vis som kapitalismen knytte seg opp mot modernismen. Ikkje berre fordi
moderne arkitektur og bystruktur er enormt ressurs- og energisløsande, men òg fordi
biofil arkitektur har potensial til å erstatta det stimuliet forbrukarismen utgjer, og som det moderne mennesket neppe kan eksistera utan i ei steril verd.
Med inngruppe-demokratiet vil fokuset flyttast frå profitt og effektivitet over til nytte og kvalitet, eit ideelt utgangspunkt for å maksimera organisk, dvs. organisert kompleksitet, i omgjevingane våre. Slik kan vi på nytt knytte oss saman med kvarandre, naturen, og det heilage.
Bongard er ikkje viss om at vi kan makta overgangen til eit inngruppe-demokati. Sjølv er eg viss om at maktar vi ikkje dette vil dei mørke kreftene i handikapprinsippet, som vi i dag har slept laus på verda implementert gjennom meir enn sju milliardar menneske, suge all livskraft ut av jorda.
Kunnskapen om mennesket er i dag enorm og veksande, både innan felt som adferdsøkologi og biofilisk design, som på mange vis er overlappande.
Vi har òg ei internasjonal rørsle som gjeng under nemninga ”the commons” eller allmenningen. Ein symbiose mellom organisk design og inngruppe-demokratiet vil slik eg ser det vera den ultimate syntesen av omgrepet ”the commons”. Innan desse felta er nokre av dei ledande teoretikarane Terje Bongard, Michel Bauwens og Nikos Salingaros. Eg skulle svært gjerne sett desse tre herrane samla for å diskutere moglegheitene til eit nytt inngruppe-demokrati med ein biofil kjerne.
Utfordringa ligg fyrst og fremst i å skapa entusiasme for dette prosjektet, å unngå at det berre vert eit elitistisk ovanfrå-og-ned-initiativ. Boka til Bongard,
Det biologiske mennesket, lovar godt. Ein må ikkje stivne i akademiske former, bodskapen må populariserast og ut til folket.
Teknologi åleine kan ikkje redde verda, vi må fullstendig rokke ved den måten vi organiserar oss på. På den andre sida, teknologi tyder kunnskapen om å gjera, og soleis kan vi sjå eit biofilt inngruppe-demokrati som den ypparste lekamgjøringa av teknologi.
Kapitalist-modernismen er det siste åket frå ei tid prega av ideologisk vansinne, og trugar med å gjera ende på sivilisasjonen for all framtid. Vi har enda moglegheit til å rista av oss denne maredraumen, for å entra ei verd medvete forankra i nevrostrukturane til menneskehjernen og skapingsprosessane i universet. For fyrste gongen i menneskeslekta si historie veit vi no kven vi er. Biofilia og inngruppe-demokratiet er best skikka til å atterkopla oss til realitetane i ei avgrensa verd.