Friday, June 29, 2018

Dei grøne enger

I dei grøne enger i Grythengen,
der ville eg bu,
men her er inkje ro,
det er ikkje til å tru.

Her er berre motkultur,
støy, stemmer og pumpedur.
By og land,
hand i hand,
Subeksurbania vann.

Tunet er garden sitt hjarte,
og Noreg si sjel,
tunet skal gje næring og von,
åt dei som kulturlandskapet ber.

Gamlefar ville gje deg åt meg,
men eg takka nei,
eg orkar ikkje å eige deg,
då altfor mykje eg elskar deg,
men du er tapt for meg.

Åleine er eg om å sjå,
kva for en augestein som her låg,
dei vanvørde deg,
dei håna meg,
slik er stoda no.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...