Saturday, June 30, 2018

Gamlevegen over tunet

Her gjekk gamlevegen
over tunet på Grythengen,
attmed stakitten,
bakom låven på Sundby,
over tunet på Holmstadengen.

Nedover gjekk han til nærbutikken
og bedehuset.
Her tala oldefar min med grendefolket
då dei gjekk forbi.
Der dei skulle til kremmers,
eller anna ærend.
Nokre gonger kom flokkar av vener
frå andre sida av åsen,
frå Hurdal,
til stevne på bedehuset.
Med dei du slo lag.

Du fekk veta nytt om alt
og alle
i heile grenda,
kring heile åsen.
Nokre inviterte du inn,
som apostelen oppe i Holmstadengen,
han som gav deg trua di.
Mykje hadde de å tala om,
då di hadde alt i lag,
jordbruket, trua og songen.
Mang ein gong song du og Dahl
lystig i lag
frå Pris Herren på stabburstrappa,
medan di naut
den vene solnedgangen
over Øverskreien.

Her gjekk Per Post,
pedellen ved Skreiens bedehus,
med lette steg,
som postberar.
Då han kom til Grythengen
var han riktig glad,
då han nett hadde gått forbi
potetåkeren sin.

Berre veike spor er att
etter gamlevegen.
No passerer grendefolket i stor fart
på nyvegen
i metallhylstera sine,
der dei fer gjennom kulturlandskapet
lik ein ubåt gjennom vatn.

Dei talar ikkje lenger med meg
og ikkje eg med dei.
Eg veit ikkje kven dei er,
kvar dei kjem frå
eller kor dei fer.
Grendefolket har vorte framande
for einannan.

Sjølv er eg ikkje lenger kulturberar
av Grythengen,
velkomstsportalen til grenda,
deg dei alle elska.
I dag er Grythengen ringeakta,
det same er eg,
skuggeberaren.
For berre skuggane er att
av den rike kulturen som rådde
etter gamlevegen.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Hovdetoppen - Mjøslandets største øyensår

Da vi forlot Gjøvik i 2018, var planen å flytte tilbake så raskt råd var, men så oppdaget jeg plutselig store skogsmaskiner oppe på det unik...