Wednesday, June 27, 2018

Potetåkeren til Per Post

Per Post han levde eit enkelt liv,
som postbud og pedell ved Skreiens bedehus.
Nedst i Grythengen hadde han potetåkeren sin,
attved Olterudelva han låg so fint.
Jorda var full
av gråstein og muld,
og nypotet.

Potetåkeren din var ikkje stor,
jobben som pedell var ein ringe post,
stillinga som postomberaer var inga høgakta stilling.
Men du klarte deg,
eit gjeldfritt liv fekk du nok leva,
mange vener møtte du etter vegen.
Og grythengpotet var ingen dårlig mat,
næra av gammal havsbotn skoven opp frå flatbygda.

Hadde ikkje far min tala om deg,
ville eg ikkje visst at den jamne mosebotna i skogen
er eit minne frå potetåkeren din.
Ei heller at den nedfalne steingarden,
som no er grensegarden,
er eit verk av ditt slit.

Du vandrar ikkje lenger ikring i Øverskreien med posten
og eit gudsord på vegen.
Berre rådyra gjeng over potetåkeren din no,
rådyrstigen over mosebotna er klar og fin,
dei elskar å kvile på mosen din.
Trekryperne sett stor pris på dei tjukke granleggene,
som veks der no,
med grov bork full av mat.
Strandsnipa flyg opp og ned etter elva.
Her er godt å vera for so mange slags skapningar.

Takk for potetåkeren din, Per Post.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...