Thursday, June 28, 2018

Stabbursnykelen

Han sit so godt i stabbursdøra,
stabbursnykelen.
Her har han sete i snart hundre år.
Han var for stiv til å verta bøygd,
for stor til å rotast bort,
for ven til å gløymast.

Fjerde generasjonen held han i handa no,
det vart nesten femte,
men tippoldefar min døyde året før stabburet stod fullgjord,
i 1920.

Han vart smidd av grove smedhender,
for å verta heldt av træla arbeidsnevar.
Døra han sit i er ei himmeldør,
då stabburet vart laga
den gongen grenda stod på høgda.

Bob Dylan seier at nykelen til framtida
er å finna i kva som er att
etter fortida.
Den nykelen han talar om
er stabbursnykelen
til oldefar min.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...