Thursday, December 12, 2013

Apenes planet

Skal me bry oss om gårsdagens klimarapport må me først kvele vår indre Fred Flintstone, skriver Agnes Ravatn.


RÅDGIVERE?: Kor fornuftig er det eigentleg å bruke ein tre millionar år gammal apekatt som rådgivar? spør laurdagskommentator Agnes Ravatn.

Publisert den 27. sep 2013, kl. 22:21 av
Gåte: kva er det som er stort og trugande, ikkje har påført oss synleg liding enno, skrir så langsamt fram at ingen legg merke til henne, rammar andre folk enn oss først, og ligg så langt inn i framtida at me har slutta å bry oss?

Nei, ikkje Ernas komande regjering. Svaret eg hadde i tankane er den globale oppvarminga. Og allereie her har lesarane bladd vidare. For så kjedeleg er den globale oppvarminga faktisk. Ho er sjølve oppskrifta på eit problem som ikkje kan frambringe anna enn apati hos normale menneske. 

Grunnane til dét er å finne hos dei mindre utvikla forforeldra våre. Ifølge den amerikanske psykologen Daniel Gilbert finst det fire ulike typar farar menneskehjernen har evolvert til å ta innover seg.

For det første: ugjerningar andre menneske planlegg å påføre oss, fysisk eller psykisk. Å ane ugler i mosen har vore avgjerande for at arten vår har overlevd. Så dersom al-Qaida påtok seg æra for den globale oppvarminga, ville uhyre effektive og kostbare tiltak vore iverksett for lengst.

Den andre: me synest ikkje global oppvarming er moralsk forkasteleg. Alle menneskelege samfunn har til alle tider hatt moralske reglar. Visse ting er heilage. Det gjeld gjerne religion og sex. Brot på desse reglane får oss til å reagere umiddelbart. Tenk Muhammedkarikaturar og Øygard. Statistikk over komande temperaturauke, derimot, får ikkje blodet til å koke på same måte.

Den tredje: Mennesket er meistrar i å reagere på umiddelbare trugsmål. Eit rovdyr, ein kaffikopp som er i ferd med å velte over mac-en. Global oppvarming er så langt frå eit umiddelbart trugsmål som det er muleg å kome. Og til slutt: hjernen er uhyre sensitiv for alle endringar i lys, lyd, trykk, temperatur og så vidare. Men dersom desse endringane berre skjer gradvis og langsamt nok, vil dei passere ubemerka. Paradoksalt nok er det verste med klimaendringane dermed at dei ikkje kjem raskt nok.

Som den observante lesar vil ha forstått, smyg den globale oppvarminga seg elegant unna alt det som normalt får varselklokkene til å ringe. Det er verkeleg eit interessant fenomen: dei fleste av oss er einige i at me står overfor ein katastrofe. Samstundes ser me på kvarandre og sorterer litt søppel mens me ventar på at nokon skal ta grep. Dei mest heroiske tar av og til tog i staden for fly. Til ein ikkje lenger klarer å blokke ut tanken på jævlane i lufta som har seks timar kortare reise enn deg, til same minipris. Ingen vil vere idiot og ofre seg sjølv for eit felles gode, når ingen andre gjer det.

Sidan eg er både kvinne og soknar til den politiske venstresida, så ligg det i genene mine å vere skeptisk til alt som har med biologi å gjere. Men eg er villig til å gjere eit unntak, denne eine gongen. Boka «Det biologiske mennesket» er skriven av Terje Bongard og Eivin Røskaft. Ein av tematikkane er: Menneske er forma av evolusjon, og biologi er dermed nødvendig for å forstå oss sjølve. At verda no styrer med stø kurs mot ei global miljøkrise utan at noko blir gjort er resultat av denne eldgamle menneskenaturen. Men innsikt i vår gamle natur kan òg hjelpe oss å legge om til ei berekraftig framtid. Først når ein veit kva ein har å hamle opp med, blir det muleg å finne strategiar som kan fungere. (Forfattarane har eit forslag, som er for omfattande til å referere her. Les boka.)

Menneskehjernen er langt på veg programmert til å fungere i ei heilt anna verd enn vår. Eit av mange uheldige utgangspunkt når det gjeld miljøproblematikk er dette: me stammar frå dei verste sløsarane som er muleg å tenke seg. Forforeldra våre var dritsultne. I tillegg levde dei i ei verd der rikdom eksistrerte primært i form av mat, beklagelegvis med kort haldbarheit og dårlege konserveringsmulegheiter. Den beste måten å spare på var dermed å konsumere alt saman på éin gong, slik at maten ikkje gjekk til spille men i det minste blei lagra som feitt på kroppen. Resultatet er at menneska av i dag higar etter alt som er kaloririkt - noko småretten deep fried butter balls kan stå som monument over - og me vil heile tida ha meir. Meir av alt. Mennesket er ikkje selektert til å vere fornøgd med det ein har. 

På same tid er mennesket òg etterkomarar av dei som var glade i å gjere ein god byttehandel. Det er derfor me liker kjensla av å gjere eit kupp, anten det er hestelasagne eller t-skjorter frå Bangladesh. Billige varer fører til miljøproblem og fattigdom. Som ein liten prikk over i-en blir varene som kjend laga med så kort levetid som råd for å auke omsetninga.

Greitt, så er vår indre apekatt ein korttenkt, sløsande, glupsk tulling som held liv i konsumkapitalismen. Men det finst håp: det er nemleg mangt som tyder på at mennesket òg er evolvert til å verkeleg gi jernet og få til dei utrulegaste underverk, om målet berre er heilagt nok. Tenk Stonehenge eller statuane på Påskeøya. Eller ta ein kikk på dette utdraget frå eit ti år gammalt radiointervju med dåverande leiar for Oxford Institute of Energy, Robert Skinner: 

Eg håpar eg slepp å ha denne samtalen med barnebarnet mitt om tjue år:

«Bestefar, gjorde de verkeleg det?»

«Gjorde kva, Masha?»

«Tok naturgass frå Arktis ned til Alberta for å koke vatn for å lage damp for å smelte tjære ut av oljesanden, for så å bruke meir naturgass for å lage hydrogen for å gjere tjæra om til bensin slik at nordamerikanarane kunne kjøre firetonns bilar fem kilometer til treningssenter for å sykle 15 minutt på stasjonære treningssyklar? Gjorde de verkeleg det, bestefar?»

«Eeh... Ja, Masha, eg er redd me gjorde det.»

Og slikt blir det global oppvarming av, sa brura. Som pikant kuriosa kan det nemnast at den same Skinner seinare blei Statoils oljesanddirektør(!). 

Og for dei som slit med biologiangst: Dersom de trudde at «menneskenaturen» representerte eit slags ideal, så er det altså ei misforståing. Kvar gong folk snakkar om å stole på magekjensla og lytte til instinkta, mens kvikksølvet på gradestokken snik seg umerkeleg oppover, kan du i ditt stille sinn tenke: kor fornuftig er det eigentleg å bruke ein tre millionar år gammal apekatt som rådgivar?

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...