Skip to main content

Posts

Featured Post

Per Pedell ved Skreiens bedehus

Recent posts

Ripsbærminne

Du gamle ripsbusk i hagen står, med friske bær, år etter år. Eit lite sumarminne vart du i kveld, i ein liten barnemunn, full av raude ripsbær. Slik du det eingong her var for hennar tippoldefar. Ho skulle fått vekse opp i lag med deg, men herr Fossemøllens augnestein er ikkje lenger ein plass for små barnetær. Sjølv om du er full av herlege ripsbær.

Gamlevegen over tunet på Holmstadengen

Storgarden Holmstad i Øverskreien

Solnedgang over et kulturmiljø som forsvant

Hurdalsrosa på Toten

Austlandets perle
i dei djupe skogane
på hi sida av Totenåsen,
var raus då ho gav oss hurdalsrosa,
som her stend og raudner
over venleiken sin,
i veggen på våningshuset
til plassen min.

Kva skal vi med fjerne roser frå Nederland, når den venaste rosa i verda,
alt ved husveggen står? Ei våningshusrose var du, og er du, når eg syklar ikring, eg ser du prydar våningshusveggen, på mang ein staseleg storgardsbygning.

Hurdalsrosa vart like gjev
åt fattig som åt rik,
ho skil ikkje
på kven ho skjenkar
av venleiken sin.
I lag med deg,
sjølv ein husmannsplass,
rik vart.
Eit kjærleikshjarte er kvar ei rose
du oss skjenkar.
År etter år,
inga kulde eller tørke,
tek knekken på kjærleiken din,
du gamle hurdalsrosebusk,
ved gråsteinsmuren åt oldefaren min. Kan vi be om meir?

Våningshusreisa

Ei underleg reise har du gjort, gamle våningshus,
frå oldefar forma deg
like etter århundreskiftet, til i dag. I ungdomen svingte du deg
i spenstig sveitserstil, lafta med stilig planketømmer
frå Kloppen Trævarefabrik, målt i gråkvit linoljefarge,
med raud og frisk taktegl
frå Skreia.  Riktig fyrug var du då.
Som middelaldrande vart folka dine
forførte av modernismen, og freista å få deg til å likne trist kassefunkis. I alderdomen ynskte eg at du skulle få fylgje kjære Holmsdadenga di i grava, men gamlefar var ikkje å stogge, og rusta deg opp att i lågmælt empire. Skulle ynske alle var like lågmælte
som deg,
i vørdnad for kva her var.
Den fyrste tida di feira du
fridomen frå husmannsuvesenet
og svenskane,
friare enn kva du var då,
kan ein ikkje bli. No har fridomen din vorte teken ifrå deg. Omringa og fastbunde er du, av framand kultur og teknologi, det er like før du vert ein villa. Tristare skjebne finst ikkje, for eit gamalt våningshus.
Mange menneskeborn
stammar frå denne plassen…

Politiske prosessar

Dei seier eg ikkje skjønar meg på politiske prosessar, og dei har rett. Eg skjønar meg berre på generative prosessar. Desse er langsame, dei formar seg etter anda åt plassen, steg for steg.
Slik ynska eg å leva på plassen vår, steg for steg, dag for dag, år for år. Utstyrt med ei lang rekkje små historiepenslar, kvar til sitt bruk. Etter å ha teke eit lite historiestrok, ville eg respektfullt ha trekt meg attende, for å grunde på om kuløren harmonerte med dei gamle kulørane.
Dei som plasserte pumpehuset ved tunet på Grythengen, gjorde ikkje det. Då eg kom heim att frå Dyssekilde økolandsby, stod det berre der, høgt, skakt og heseleg, skrudd fast i undergrunnen. Utan eit snev av respekt for det historiske tunet oppe på garden vår.
Slik er dei politiske prosessane våre, dei øydelegg alt som er verdt å leva for. Gardstuna våre, grendene våre, byane våre. Vi har vorte Kjøpesenterlandet!
Nei, takke meg til dei generative prosessane til Christopher Alexander og oldefaren min, han som bygde…