Sunday, July 15, 2018

Politiske prosessar

Dei seier eg ikkje skjønar meg på
politiske prosessar,
og dei har rett.
Eg skjønar meg berre på
generative prosessar.
Desse er langsame,
dei formar seg
etter anda åt plassen,
steg for steg.

Slik ynska eg å leva
på plassen vår,
steg for steg,
dag for dag,
år for år.
Utstyrt med ei lang rekkje
små historiepenslar,
kvar til sitt bruk.
Etter å ha teke eit lite historiestrok,
ville eg respektfullt ha trekt meg attende,
for å grunde på om kuløren
harmonerte med dei
gamle kulørane.

Dei som plasserte pumpehuset
ved tunet på Grythengen,
gjorde ikkje det.
Då eg kom heim att
frå Dyssekilde økolandsby,
stod det berre der,
høgt, skakt og heseleg,
skrudd fast i undergrunnen.
Utan eit snev av respekt
for det historiske tunet
oppe på garden vår.

Slik er dei politiske prosessane våre,
dei øydelegg alt som er verdt å leva for.
Gardstuna våre,
grendene våre,
byane våre.
Vi har vorte
Kjøpesenterlandet!

Nei, takke meg til
dei generative prosessane
til Christopher Alexander
og oldefaren min,
han som bygde stabburet.
Di derimot,
drap stabburstunet hans!

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...