Monday, July 16, 2018

Våningshusreisa

Ei underleg reise har du gjort,
gamle våningshus,
frå oldefar forma deg
like etter århundreskiftet,
til i dag.
I ungdomen svingte du deg
i spenstig sveitserstil,
lafta med stilig planketømmer
frå Kloppen Trævarefabrik,
målt i gråkvit linoljefarge,
med raud og frisk taktegl
frå Skreia. 
Riktig fyrug var du då.

Som middelaldrande vart folka dine
forførte av modernismen,
og freista å få deg til å likne
trist kassefunkis.
I alderdomen ynskte eg
at du skulle få fylgje
kjære Holmsdadenga di
i grava,
men gamlefar var ikkje å stogge,
og rusta deg opp att
i lågmælt empire.
Skulle ynske alle var like lågmælte
som deg,
i vørdnad for kva her var.

Den fyrste tida di feira du
fridomen frå husmannsuvesenet
og svenskane,
friare enn kva du var då,
kan ein ikkje bli.
No har fridomen din
vorte teken ifrå deg.
Omringa og fastbunde er du,
av framand kultur og teknologi,
det er like før
du vert ein villa.
Tristare skjebne finst ikkje,
for eit gamalt våningshus.

Mange menneskeborn
stammar frå denne plassen,
og ikkje so reint få har du verna
under vengane dine.
Undrast om nokon av dei
har skjenkt deg ei tåre,
av di du mista kulturmiljøet ditt,
og med det tapte livsgjerninga di?

Godt gjer det lell å få koma
innomhus åt deg.
Det er berre utom veggane dine
ein kjenner gufset frå seinmoderniteten
skjæra gjennom tunhjartet
åt ein ulukkeleg historiemålar,
som har tapt dei gamle penslane sine.
Innomhus rår framleis anda
åt fedrane våre,
dei har søkt tilflukt
her.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...