Monday, July 9, 2018

På stabburstrappa

Dei seier di ikkje hadde tid til
å gle dykk over venleiken
i dykkar tid.
Då undrast eg,
kvifor fylde di då stabburet med slik ein venleik?
Eg trur stabburet gledde dykk heile tida,
og at venleiken di omgav dykk med
var som ein energidrykk,
den hjalp dykk med å holde ut slitet
uti seine kveldar.

Sjølv om di ikkje hadde mykje tid til å sitja ned
i dykkar tid,
hadde di i det minste noko å gle dykk over,
den stutte stunda di sat her
på stabburstrappa.
No er inkje å gle seg over,
anna enn tapte minne,
då tunhjartet åt stabburstunet
har slutta å slå.

Kan hende, ja kan hende,
at sjølve apostelen oppi Holmstadengen
tok seg stunder til å sitja ned
her på stabburstrappa
i Grythengen,
for å syngje inn den vene
solnedgangen over Øverskreien
til tonane frå Pris Herren,
saman med disippelen
han hadde kjær.

No veks graset høgt kring stabburstrappa,
her tråkkar ikkje lenger slitte arbeidsstøvlar
fulle av gråsteinsjord.
Kan hende gav denne gråsteinsjorda dykk,
meir frygd,
enn kva komfortmennesket trur?
I det minste hadde di
vona om æva.
Vi treng ikkje denne vona lenger,
då vi no har
alt vi treng.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...