Tre grånande herrar
Christopher Alexander
er noko so sjeldant som ein arkitekt som meistrar tekning, språk, matematikk og
fysikk på høgste nivå. Alle desse evnene har han nytta
til å skapa eit nytt teoretisk grunnlag for arkitekturen. Fyrst gjekk Alexander
til historia for å sjå kva ho har å tilby, og han dokumenterte 253 tidlause ”pattern”
i klassikaren A Pattern Language.
Seinare gjekk han til naturen for å læra, og han fann at orden og heilskap i
naturen og arkitekturen er eit og det same, dokumentert i The Nature of Order.
Anton Schneider er den tyske
bygningsbiologien sin far, betre kjend under termen ”baubiologie”. Han starta ein
forskings- og utdanningsinstitusjon i Neubeuern i 1976, og Tyskland har i dag
eit velutvikla nettverk av bygningsbiologar. Det er i stor grad deira fortenest
at Tyskland har eit rikt utval av økologiske byggprodukt, som naturmaling,
naturfiberisolasjon og bygningsplatar av mellom anna leire, og sjølv dei store
byggevarehusa tek dei seriøst.
Bill Mollison er grunnleggjaren av den
internasjonale permakulturrørsla. Permakultur var opprinneleg ein samantrekning
av orda permanent agrikultur, men ville famna vidare og redefinerte omgrepet
til òg å gjelda ein permanent kultur, og omfattar soleis både Alexander og
bygningsbiologien. Målet er ein ny kultur i harmoni med naturen og dens prosessar.
Comments
Post a Comment