Thursday, April 16, 2020

Vegen til Subexurbania

-Wikimedia.

Apostelen i Holmstadengen,
han gjekk so lett på tå,
i sko med lærsoler og trenagler i,
ei stund sidan no.
Johan i Vestby køyrde her
i roleg fart
med kjerra si,
saman med fjordingen sin,
etter ein tur til Skreia,
då der var ein urban landsby.
Heimatt borna etter skulevegen
fekk hesteskyss.

Ein ny profet vi oss fekk,
han vi fylgjer på
syntetiske
bildekk.
Tid er pengar,
alle funksjonar er segregert,
Totenpark-prosjektet vi no har
integrert.

Vi valsar ned alle veike merke,
etter dei som her gjekk føre oss,
med store maskinar,
og djupe spor.
Sjølv sæterstien mellom Holmstadsveen
og Hongsætra måtte vekk,
då han hindra dei
som i stor fart
til nye Rausteinshytta
fer no.

Alt vi har att å gle oss over er
Totenåsen Skyline.
Takk til Nils Faarlund!
Utan deg ville ikkje her vera att
noko som helst,
som kan gle eit hjarte
nedbrote av
solastalgia.

-Wikimedia.

By og land vil forenes; fra mitt kontor skal jeg bo 30 kilometer i én retning, under et furutre; min sekretær vil også bo 30 kilometer unna, i motsatt retning, under en annen furu. Vi skal ha hver vår bil. Vi skal slite ut dekk og tannhjul, slite ned veidekket, forbruke olje og bensin. Alt hvilket vil medføre en mengde arbeid … nok for alle. - Le Corbusier, 1935

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...