Saturday, July 14, 2012

Vårt entropiske samfunn

Mycket förenklat kan man säga att det finns två motsatta rörelser i världen. En mörk och en ljus. En som ödelägger och en som bygger upp. Den som förstör kallar jag här i boken för entropisk. Begreppet entropi kommer från fysiken, där det betecknar den förlust av energi som sker i stängda system till följd av varje form av rörelse. Överordnat skapar entropin en utvecklingsriktning i universum som med tiden kommer att utjämna alla skillnader till en jämn grå massa. De fysiska lagarna för termodynamik säger oss vidare att ju mer energi och därmed materia som omsätts, desto kraftigare är den samlade entropiska verkningen. Både metaforiskt och i praktiken utgör den industriella animaliska massproduktionen således ett våldsamt entropiskt kraftfält. Med centrum i djurens lidanden sprider den ut sig i världen som en självförstärkande spiral av förstörelse och avstympad känsloskuld. Det underminerar de ekologiska systemen och för oss längre och längre ut i standardiseringens och monotonins ödemark. Entropins motsättning finns emellertid i de krafter som frambringar livet på jorden. Genom att samla och fasthålla solens energi bygger livet upp en självförstärkande mångfald av former och skillnader. Sett i detta perspektiv utgör det ekologiska jordbruket en aktivt lysande motentropisk rörelse, eftersom det liksom livet självt främjar mångfald, gemenskap, mening och skönhet. Skönhetens Befrielse av Morten Skriver, s. 45 (fri e-bok)
Tradisjonelt landbruk hadde ein avkastning på tre kaloriar for kvar kalori investert då varane kom til torgs. Moderne matproduksjon på andre sida forbrukar 7-10 kaloriar for kvar kalori produsert, i butikkhylla. Det gamle landbruket var eitt med den motentropiske krafta hjå fotosyntesen, grunnlaget for det meste av det vi kjenner av organisk liv, med unnatak av nokre bakteriar som livnærar seg av svovelbindingar.

Økologisk landbrukslandskap ved Ramme Gaard på Hvitsten

Ei anna motentropisk kraft, som diverre er mykje mindre kjend enn fotosyntesen, er dei femten livsverdiane. Desse er definerte av Christopher Alexander og er underbygde av vitskaplige observasjonar. Dei oppbyggande kreftene dei femten transformasjonane utgjer ligg bakom venleiken i naturen og kulturen, fram til moderniteten tok kvelartak på desse med ein altomfattande og mørk entropisk kraft. Det var berre ei tidsfråge før arkitekturen måtte koma opp med ein entropisk arkitektur i ”harmoni” med den industrielle kapitalismen og framandgjøringa av mennesket, som til då berre hadde gjort seg gjeldande i oppsplittinga av produksjonen, der den einskilde arbeidar endast kom i kontakt med delar utan å kjenne til nokon heilskap. Mennesket skulle endrast til ein maskin, eit abstrakt vesen der livet er lik ein grå masse heldt saman av konsumerismen sitt gylne ferniss.

Dei 15 eigenskapane hjå levande struktur:
  • Levels of scale
  • Strong centers
  • Boundaries
  • Alternating repetition
  • Positive space
  • Good shape
  • Local Symmetries
  • Deep interlock & ambiguity
  • Contrast
  • Gradients
  • Roughness
  • Echoes
  • The Void
  • Simplicity and Inner Calm
  • Not-separateness

This tiger face is filled with centers. The eyes and the nose are the Strong Centers of this face. There are many Local Symmetries, starting with that of the whole face. There are Boundaries around the eyes or the nose. There is Contrast in the black and white colors of the fur around the eyes or the nose. There is Alternating Repetition of the stripes. There is Roughness in the fact that the stripes are not perfectly regular or symmetrical. - Tekst: Règis Medina - Foto: S. Taheri 

Eit av dei fremste kjenneteikna ved moderne arkitektur er fråveret av dei femten livsverdiane, dei som byggjer opp livet og held heilskapen i hop. I dag er desse arkitektane, den modernistiske staten og kapitalen sine lakeiar, i ferd med å leggje eit slør av død over fjordbyen Oslo, vår kjære hovudstad. Då hovudstaden har stor symboleffekt, er dette ein nærast ufatteleg tragedie for vårt fedreland.

Oslo hamn før Barcode. Måleri av John William Edy (1760 - 1820)
Den ekologiska estetiken kan som ideologi på sätt och vis förbindas med Hegels tankar om den thymoiska själen. Hegel säger att människan endast kan uppnå verklig bekräftelse genom att själv bekräfta andra människor som likvärdiga, men det finns ännu ett steg vi måste ta för att verkligen kunna respektera oss själva och det består i erkännandet av vår fundamentala gemenskap med allt levande. Endast genom att skapa en civilisation vars mål är att befrukta och främja livets mångfald kommer vi att kunna realisera vår fulla skapelsebestämda potential som människor. Hur vi bäst gör det är omöjligt att veta på förhand. Det enda vi har att rätta oss efter i denna process är skönheten. Man kanske kan säga att vi endast kan komma över det dialektiska motsättningsförhållandet mellan människan och naturen genom att fälla in vår kultur så vackert som det bara är möjligt i den ekologiska helheten. Skönheten är den universella måttstocken, helt enkelt för att den berättar för oss hur sanningen finns i varje sammanhang, från mänskliga relationer till ekonomi och tekniska konstruktionsprinciper.Skönhetens Befrielse av Morten Skriver, s. 91 (fri e-bok)
Skal vi fylgje tankane til Skriver vidare kan ein seia at nærværet av dei femten livsverdiane er ein indikator på i kor stor grad samfunnet vårt er i harmoni med økologien ikring oss, på same vis som mengda av lav på trea kan seia oss noko om luftkvaliteten. Er ikkje desse verdiane til stades får ikkje menneskjesjela puste, ho vert veik og kraftlaus. I dag lev brorparten av menneska under slike forhold, i ein estetisk slum som er minst like ille i Strømmen utanfor Oslo som i slumområda utanfor Cebu by på Filippinane. Dette er den einaste slummen eg har vitja, og faktisk erfara eg her ein livsglede som er heilt fråverande på ein stad som Strømmen, der eg kjenner ein sterk eksistensiell angst slå imot meg. Diverre er Strømmen i godt selskap i so måte, noko eg har erfara som lastebilsjåfør i austlandsområdet dei to siste åra.

Strømmen kyrkje, mot straumen

Ein stad der dei femten livsverdiane ikkje er til stades kan ikkje elskast, då desse er venleiken sitt inste vesen. Kjærleiken er den sterkaste krafta som finst hjå menneska, og denne blømer ut frå venleiken. Utan venleik ingen kjærleik.
Og av di uretten hev vorte so stor, skal kjærleiken kolna hjå mengdi. – Jesus, Matt. 24:12
This is, of course, a rampant nod to commercialism, which, if we did not live in such a commercial era, would be seen for what it is. The life of a community cannot be held hostage, by a person or corporation who seeks to make money and profit from the construction of its streets and buildings. The streets and buildings are part of the neighborhood’s life blood, the city’s life blood, and they must be interwoven with the activities and life of the people themselves. Anything less leads inevitably to drug abuse, crime, teenage violence, anomie, and despair – the very earmarks of modern urbanism. Christopher Alexander
Personleg kan eg ikkje sjå nokon annan frelsar for endetida enn Christopher Alexander, då han har visa oss vegen attende til venleiken, kjelda til kjærleiken. Fråver av venleik leiar uvilkårleg til fråver av kjærleik, båe til einannan og til skaparverket. Resultatet er at uretten tek overhand, og med det kjem forfallet. Dette er det entropiske endetidssamfunnet, der den entropiske arkitekturen rår grunna, noko han no har gjort i om lag hundre år. Eg vil seia det so sterkt at den raseringa av venleiken som tok plass i det førre hundreåret, og som framleis gjeng føre seg i eit halsbrekkande tempo, er den største uretten verda har sett!

Eit særleg entropisk bustadskompleks ved Strømmen utanfor Oslo, kven kan elske noko slikt? Diverre er ikkje dette eit eineståande døme, men eit "anti-pattern" som stendig deler seg og muterer til nye inhumane uttrykk. Legg merke til den sterile leikeplassen til venstre i biletet, og korleis denne stend i kontrast til det alexandrine "pattern" 73, "Adventure Playground".

Den nye scena ved gamle Gjøvik Gård er typisk for vår tid, ho er blotta for alt av livsverdiar og er anti-fraktal. Personleg stend eg med ei kjensle av at taket kva tid som helst kan senka seg ned og presse bykorpset mot bakveggen, lik søppelbilen som pressar inn matavfallet. Vanskeleg å konsentrera seg om musikk og kultur under slike høve. 

Venleiken opprettheld seg sjølv, då han skapar skaparkraft og tilhøyre hjå menneska, det ein elskar hegnar ein om. Den entropiske arkitekturen, den moderne byen, kan berre oppretthaldast ved å pumpe inn massive mengder energi gjennom eit kostbart byråkrati. Eit elska nabolag med tilhøyre, basert på det i naturen alle stadar nærvarande prinsipp om sjølvorganisering, bær seg sjølv.
Put very simply, quality of life depends upon nourishment from the environment, and not upon energy consumption. The consumer society has done a very thorough job of convincing people the world over of an imaginary link between quality of life and energy wastage. Nikos A. Salingaros
Er dette livskvalitet?

I dag set politikarane våre likskapsteikn mellom energiforbruk og livskvalitet, truleg er det difor dei har vorte valde. Eg grøssar når eg ser olje- og energiminister Ola Borten Moe proklamera i media om alt det ”storarta” vi kan gjera med pengane frå nyoppdaga olje- og gassførekomstar, det er mest so energifanatismen glødar i augo hans. Når eg ser korleis vi gjennom dei siste hundre åra har skapt oss eit entropisk samfunn av hesleg styggskap, basert på modernistane sin livsfornektande ideologi og profitt som det høgste mål, vert eg ikkje optimistisk.
Re-orienting our worldview means rediscovering the biological connection between humans and their sensory space. Certain very specific geometrical properties of the natural and built environments exert a positive, uplifting effect upon our organism (Alexander, 2001-2005). The mechanism depends upon the intimate informational connection between human beings and nature. Therefore, enhancing quality of life includes coding the geometry of the built environment to a considerable degree. This effect does not require the expenditure of energy: on the contrary, obtaining informational nourishment from the built environment could replace the present alarming consumption of fossil energy in the pursuit of a consumerist lifestyle. Nikos A. Salingaros
Vårt samfunnssystem er bygd rundt konsumerismen, utan eit stendig aukande konsum vil økonomien kollapse, men med eit stendig aukande konsum vil økosystema til slutt kollapse, og utan velfungerande økosystem kan vi ikkje oppretthalda ein sivilisasjon.

Konsumerismen vert driven av innhaldslause, den er eit substitutt for å dekkje over den meiningslausa samfunnet og liva våre bær preg av. Det einaste som kan erstatte konsumerismen er venleiken, lik ei kjelde som fløm over. Venleiken er ei Sareptas krukke gjeven til oss alle, ho vert aldri tom. Verda er skapt ut av dei femten transformasjonane, vi er sjølve skapte ut av dei same transformasjonane, la oss no omforma verda vår som ein refleksjon av desse.

Svanedammen i parken ved Ramme Gaard, som henta ut or eit eventyr

Ein oase til inspirasjon er parken på Ramme Gaard ved Hvitsten i Akershus. Nyleg svinga eg og far min innom for å ta ei kaffipause ved den økologiske kafeen der, men dessverre var denne stengt grunna restaurering. Difor gjekk vi oss ein runde på garden, og hamna ved ein tilfeldigheit i den imponerande parken deira. Far min sa at det var som å koma inn i hagen til Alhambra, dette mauriske palasset som er ein av Alexander sine favorittar. Det er fleire hundre år som skil hagen ved Alhambra frå hagen på Ramme Gaard, lell har dei ein umiskjenneleg likskap. Dette fordi dei femten livsverdiane er so sterkt tilstades begge stadar. Likesom ved Alhambra verkar dei her òg til å byggje opp ein stendig aukande intensitet eller heilskap, ved å danne sentra som styrkjer einannan.

Triumfbogen ved Ramme Gaard, i triumf over venleiken sin siger

Vårt entropiske samfunn veit ikkje anna enn å rive i filler venleiken i verda, og slik øydelegg vi òg oss sjølve. Suksess kan berre målast i venleik, ikkje i pengar. Det vert difor klart at Noreg som nasjon har feila, vi har bomma på målet. Alexander har staka ut ein ny veg for oss, ein tidlaus veg. Den kan tykkjast som ein smal sti, men er det noko som er so nærande som å gå på ein smal sti gjennom ein vakker hage, ein gamal skog eller eit kulturlandskap? Det er her vi finn eventyra, ei verd av eventyr, full av sanning!

Eikeskog ved Vänern


Video med Christopher Alexander om å byggje for kjærleiken og livet:

No comments:

Post a Comment

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...