Sunday, October 4, 2020

Gardskoronaen

Gardskoronaen
er ramma kring garden,
lik ramma om måleria
på Nasjonalgalleriet.
Kjem nokon med øks og høgg i bitar
ramma kring
Christian Krogh sitt bilete
av Leiv Eiriksson,
som oppdagar Amerika,
vert han sett i fengsel.

Garden min
var av mykje høgare verdi
enn måleria til Christian Krogh,
då han var eit levande historiemåleri
i kulturlandskapet
på Toten.
Han var sjølvaste velkomstsportalen
til himmelporten
til Totenåsen.
Lell vart ramma kring garden min
hogge i stykke,
med styresmaktene si velsigning,
og til folket sin jubel.
For det norske folk ser ikkje gardane
som historiemåleri,
dei ser dei som kulissar,
utan innhald.

Gardskoronaen
er ein av dei femten transformasjonane
til Christopher Alexander.
Lik koronaen kring sola,
skal koronaen liggje rundt garden,
vid og brei,
og varme han,
som eit skjerf.
Sentra styrkjer sentra,
der gardskoronaen styrkjer tunet,
slik at Guds auge kjem til synest.
Difor er gardskoronaen heilag.

Gardskoronaen
er ei overgangssone,
frå ein gard til ein annan.
Han er til for kulturberaren
og historiemålaren,
der han kan trekkje seg attende
og vurdere verket sitt,
lik kunstnaren i enga.
Den er til for fuglar og insekt
og andre dyr,
som gjev liv til garden.
Sjølv har eg vorte livredd
det vetle som er att
av koronaen kring garden min,
difor kan eg ikkje
måle meir.

Gardskoronaen
er lik membranen kring cella,
der gardstunet er cellekjerna.
Det skal berre vera små opningar
i gardskoronaen,
slik at garden kan utveksle
stoffskiftet sitt med omverda.
Vert hola for store,
tørkar garden ut
og døyr.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Hovdetoppen - Mjøslandets største øyensår

Da vi forlot Gjøvik i 2018, var planen å flytte tilbake så raskt råd var, men så oppdaget jeg plutselig store skogsmaskiner oppe på det unik...