Vi har alle fått ei gåve, livets gåve. Kva vi gjer med liva våre er gåva vår attende. – EdoDet berande målet for velstand i dag er bruttonasjonalproduktet, eller BNP, som er samansett av to komponentar, varer og tenester. I eit post-industrielt land som Noreg vert fokuset satt stendig sterkare på tenestekomponenten, kor målet er å gjera om sunne menneskesystem til ei tenestevare, som so vert veksla inn i pengar og målt i BNP.
Under den rådande økonomiske modellen er det om å gjera å forvandla so mykje som mogleg av natur og fellesskap til pengar, det verste dopet mennesket har sett, men som ingen vil innsjå. Kreditering: The Co-Intelligence Institute |
Ei kjend utsegn frå skrifta er at mennesket kan ikkje tena to herrar, Gud og Mammon. Å tena Gud tyder å elska nesten sin som seg sjølv, slik Jesus klargjorde det for oss på saligprisingsberget ved Genesaretsjøen. Diverre, i ein økonomi som vår, der all kraft, som ei fokusert laserstråle, vert retta inn mot å gjera nesten vår om til ein vare som kan kjøpast og seljast i marknaden, vert dette ei umoglegheit. Vi tener berre ein herre, BNP, den moderne nemninga for Mammon.
Nokre menneske vil tenke at, vel, alt er heilagt, og so skal det vera, men er det ein ting som ikkje er so i dag er det pengar, og vi erfarar dette i kvardagen når vi gjer dei daglege vala våre. Impulsane mine er for sjenerøsitet eller å fylgje lidenskapane mine, eller å gjera noko rett sjølv om det tek mykje lengre tid. Pengar ser ut til å blokkere desse impulsane og å løna dei tinga eg ikkje ynskjer å gjera, ting som verkeleg er øydeleggjande for planeten, som kanskje er praktiske, ting som det rasjonelle sinnelaget mitt kalkulerer med at vil vera betre for sjølvinteressa mi. – Charles EisensteinDet kan sjå ut til at pengar er verre enn sjølve arvesynda. Likesom apostelen Paulus skriv at han vil det gode men kjøtet er skrøpeleg, soleis riv òg Eisenstein seg i håret av frustrasjon av di han vil gjera godt, men makta pengane har over livet hans hindrar han.
Når Adam Smith talar om at ”den usynlege handa” til marknaden er eit fellesgode, er dette sjølvsagt gale. Smith kjende ikkje til handikapp-prinsippet, oppdaga av Amotz Zahavi gjennom studiet av araberskrikestosten, og fyrst foreslått som hypotese i 1975. Tida då Smith levde var dominert av lokale økonomiar, kva han feilaktig kalla ”den usynlege handa” var i røynda ”den usynlege vengen” til araberskriketrosten, eller den gode krafta som ligg latent i handikapprinsippet, og som berre kan bløma i nære relasjonar. Diverre er Smith framleis meir kjend enn Zahavi.
Charles Eisenstein har gjort grundig greie for kvifor ekte fellesskap ikkje kan skapast av pengar, men må vevast frå gåver:
Fellesskap er so godt som umogleg i eit pengegjennomtrengt samfunn som vårt eige. Det fordi fellesskap er veva ut or gåver, og dette er grunna til at fattige menneskje ofte har eit sterkare fellesskap enn rike. Viss du er økonomisk uavhengig, då er du ikkje eigentleg avhengig av naboane dine – eller for den saks skyld nokon spesifikk person – for noko som helst. Du kan berre betala nokon til å gjera jobben, eller betala ein annan til å gjera han.
I tidlegare tider var folk avhengige av å få dekka livets nødvendigheiter og gleder frå folk dei kjende personleg. Viss du framandgjorde den lokale smeden, bryggaren eller doktoren, fanst det inga erstatning. Livskvaliteten din ville vorte lågare. Viss du framandgjorde naboane dine ville du kanskje ikkje få hjelp viss du vrikka okla under innhaustinga, eller viss låven din brann ned. Fellesskap var ikkje eit val eller ein bonus, det var ein naudsynt del av livet. I dag, berre med ei lita overdriving, kan vi seia at vi ikkje treng nokon. Eg treng ikkje bonden som dyrkar maten min – eg kan betala ein annan til å gjera det. Eg treng ikkje mekanikaren som ordna bilen min. Eg treng ikkje lastebilsjåføren som bringa skorne mine til butikken. Eg treng ingen av dei som produserte alle tinga eg nyttar meg av. Dei kan alle erstattast, på same vis som eg sjølv kan.
Dette er ein grunn til den universelt anerkjende grunnskapen ein kjenner i dei fleste sosiale samvære. Kor autentisk kan det verta når den umedvete vissa, ”eg treng deg ikkje”, lurar under overflata? Når vi samlast for å konsumere – mat, drikke, eller underhaldning – byggjer vi verkeleg på gåva frå nokon tilstades? Alle kan konsumere. Intimitet kjem frå sam-skaping, ikkje sam-konsumering, noko einkvar som har spelt i band veit, og dette er noko heilt anna enn å lika eller å mislika nokon. Men i eit samfunn tufta på penger utfaldar kreativiteten vår seg innanfor spesialiserte domene, for pengar.
For å smi ekte fellesskap må vi gjera meir enn berre å samle folk. Det er ei byrjing, men vonom vert vi trøytte av berre å tala i lag, og vi ynskjer å gjera noko, å skapa noko. I sanning er det eit svært lunkent fellesskap når det einaste behovet som vert dekt er trongen til å lufte meiningar og kjenne at vi har rett, og er det ikkje for ille at andre menneskje ikkje… hei, eg veit! La oss samle kvarandre sine e-postar og starte ein ”listserv”!
Fellesskap er veva ut or gåver. Ulikt frå vårt marknadssystem, viss innebygde knappleik tvinger fram ein konkurranse der meir for meg er mindre for deg, er det motsette tilfelle i ein gåveøkonomi. Fordi folk i ein gåvekultur gjev vidare overskotet deira framom å akkumulera det, er di gode skjebne òg mi. Velstand sirkulerar og trekkjast mot der den største trongen er. I ein gåveøkonomi veit folk at gåvene til slutt vil vende attende til deg sjølve, om enn i ei anna form. Eit slikt fellesskap kan kanskje kallast for ein ”gåvesirkel”.
Heldigvis, pengeomdanninga av livet har nådd ein topp i vår tid, og har byrja ein lang men permanent tilbakemarsj (av kvar økonomiske ”resesjonar” er eit aspekt). Både ut or attrå og naudsyn stend vi no overfor ein gylden moglegheit til å krevja attende ein gåvekultur, og difor å byggja ekte samhald. Denne gjenvinninga er del av eit større skifte i menneskeleg medvite, ein større heimattvending til naturen, jorda, kvarandre, og dei tapte romma i oss sjølve. Framandgjøringa vår frå gåvekulturen er ei forvilling og vårt sjølvstende er ein illusjon. Vi er faktisk ikkje sjølvstendige eller ”finansielt trygge” – vi er like avhengige som før, men no av framande og av upersonlege institusjonar, og, som vi truleg snart vil oppdaga, desse institusjonane er ganske so skjøre. – Charles Eisenstein
Lågmålet i det hjernevaska konsumentsamfunnet vi i dag er ein del av, er pengeomdanninga av barndomen. Leik vert i stendig større grad ei tilrettelagt tenestevare, med dataspel, leikeland, skulefritidsaktivitetar og sterile leikeplassar uttenkt av byråkratar i Brussel. Ungane våre skapar og samskapar ikkje barndomen sin lenger, dei forbrukar han.
Tankane mine gjeng til den materialiserte visdomen si store bok, "A Pattern Language", som er laga av 253 mønster meisla ut or materien. Og eg tenkjer på mønster 73, eventyrleikeplassen.
ProblemSo enkelt kan vi gje attende ungane våre barndomen sin!
Eit slott, laga av kartong, steinar, og gamle greiner, av ei gruppe born for dei sjølve, er verdt tusen perfekt detaljerte, og perfekt dekorerte slott, laga for dei i ein fabrikk.
Løysing
Sett opp ein leikeplass for born i kvart einaste nabolag. Ikkje ein ferdig leikeplass, med asfalt og husker, men ein plass med råmateriale av alle slag – nett, boksar, tønner, tre, reip, enkle verktøy, plankar, gras, og vatn – kvar ungane kan skapa og gjenskapa leikeplassen sin på eigehand.
Etter å ha lagt bakom oss eit rabiat hundreår i ideologiane sitt teikn, stend vi att med ein rå og hjartelaus kapitalisme, viss einaste mål er å forvandla natur og samfunn til pengar. Har vi gløymd at Gud gav oss jorda? Vi ter oss som om den vetle kloden vår var eit investeringsobjekt som har å gje oss ei årleg avkasting på minst ti prosent. Er dette for å betale renter til Gud for å dekkja lånet han gav oss for å kjøpe kloden hans, samstundes som vi sit att med ein liten vinst? Det kan tykkjest som om mange trur dette.
På byrjinga av det nye hundreåret, ja tusenåret, skimtar vi ei ny stjerne i horisonten. På engelsk er ho gjeven namnet ”The Commons”. Ordet kling godt, det har stor kraft og vekkjer gode assosiasjonar. Diverre lyder det ikkje like godt på norsk, eg kjem ikkje på noko anna nemning enn allmenningen, eit sidrumpa ord som for meg leier tankane til Toten Allmenning, kor eg har mange gode barndomsminne. Vi treng eit betre ord. Eg hugsar eg las ein gong at det engelske ordet ”common” truleg har røter i Normandie, kan hende har det då òg røter i gamalnorsk? Kanskje vi kan grava fram ei betre nemning for denne nye tida som no vonleg er i emning?
Under "the commons" er fellesskap og relasjonar bærande element, der pengeøkonomien berre utgjer ein liten del. Kreditering: The Co-Intelligence Institute |
”The commons” er motsatsen til kapitalismen, då det her er om å gjera å krympe pengeøkonomien mest mogleg. Heilt utanom pengar kjem vi sjølvsagt ikkje, men pengane vil verta underlagt system der dei kan spele ei oppbyggande rolle. Her er det ei mengd løysingar vi kan nytta oss av, kva som er dei beste vil krevja mykje prøving og feiling.
Permakultur er kunsten å skapa nyttige bindingar. – Bill MollisonI kulturen vår er dei fleste bindingane mellom folk laga av pengar. Under ”the commons” satsar ein derimot på bindingar gjennom å samskapa og å sameige, forutan sjølvsagt å dele gåver. Målet er at natur, kultur og samfunn skal vera ein del av fellesskapet, og ikkje av staten eller kapitalen. For denne nye tida treng vi eit heilt nytt rammeverk, eit nytt lovverk. David Bollier har teke denne utfordringa på alvor, og har saman med professor Burns Weston nyleg publisert eit banebrytande verk på Cambridge University Press: "Green Governance: Ecological Survival, Human Rights and the Law of the Commons".
”The commons” er ei gåve til menneska, denne nye tida fordrar å gje oss attende livet, å atter gjera livet til ei gåve. Men dette må skje innafor rammene til den urgamle stammen, viss ikkje flyt ho ut og endar i allmenningen sin tragedie, slik Garreth Harding skildrar det i sitt vidgjetne essay.
Her kan vi nytta den gode krafta i handikapprinsippet, slik Terje Bongard gjer greie for det i boka ”Det biologiske mennesket”. Vi har uana krefter til disposisjon, vi må berre læra å temje dei.
Til slutt vil eg oppmode om å sjå videoen under, der Charles Eisenstein introduserer oss for noko so underleg, eller kanskje burde eg heller seia vedunderleg, som ein heilag økonomi. For den kapitalistiske økonomien er ingenting heilagt. Men husk, jorda er ei gåve, likesom livet er ei gåve, og er difor heilagt. Er jorda og livet heilagt, då må økonomien òg vera det, viss ikkje er vi æveleg fortapt.
Relatert lesing:
- "Sacred Economics: Money, Gift, and Society in the Age of Transition", av Charles Eisenstein. Denne boka vart kåra til den nest viktigaste for 2011 av P2P-Foundation, og kan lesast som fri ebok i svensk oversetjing her.
- Ressursliste over Charles Eisenstein frå Wiki'en til P2P-Foundation
Det at penger/byttemidler har fått en egenverdi skyldes at noen har organisert seg å innført renter. På den måten sitter man ofte i et livslangt slaveri.
ReplyDeleteDet var tidligere forbudt i flere landog/eller religioner å ta renter av sin neste("").
Lån skulle betales tilbake , uten renter, i perioder på 6 år, med den syvende som et vente-år. Etter 9 (?) slike perioder skulle alle lån være nedbetalt eller slettet.
Penger er ellers et billig byttemiddel, som er med på å heve vår velstand. - Der spesialister verdisetter og bytter produksjon med andre spesialister (oss alle). Det er denne spesialiseringen og effektiviseringen som gir et produksjonsoverskudd og materiell velstand.
Men da må vi ikke forveksle fiktiver og virkelige verdier. Eller la lokale eller globale krefter manipulere med dette samfunns-verktøyet, og stikke av med overskuddet og kontrollen.
"Den som har kontroll over økonomien har kontroll over politikken".
Det er påstått at det er dette 1 og 2 verdenskrig handlet om.
Der nasjonalisosialistene mente at verdensøkonomiens diskontopolitikk hold verden i slaveri, mens det var arbeidet som skapte verdiene. ( Derav "Arbeid macht frei" over interneringsleirene.)
Men denne påstanden er det siden 2. verdenskrig forbudt å diskutere, ved å ondskapsforklare motstanderen og la vinneren skrive historien.