In any environment we build—building, room, garden, neighborhood—always, what matters most of all is that each part of this environment intensifies life. We mean that it intensifies human life, animal life, emotional life, the life of storms, the life of wild grasses and lilies, the life of fish in a stream, the life of human kindness in a rough place where it may not be easy to find. – Christopher AlexanderDiverre er vi omgjevne av menneske som meiner at å byggje for kjærleik og liv, er underordna alt anna. Som til dømes profitt, effektivitet, rasjonalitet, etc. Men slik er det ikkje, og dei som tenkjer slik bryt mot naturen, mennesket og Gud. Alt vi byggjer skal ha som hovudføremål å framelske kjærleik og liv.
Dette er ein kamp mellom det gode og det vonde, system A og system B. Eg har lova døtrene mine å vie livet mitt til kampen for venleiken, dvs. system A. Eit av dei viktigaste slaga i tida vår.
Dei som bygde Firenze, særleg dei som bygde frå omkring år 1000 etter Kristus til 1500 etter Kristus, levde og arbeidde med ei urokkeleg tru på Gud. Når ein ser på dei arbeida som kom ut av hendene deira, er Gud alle stades nærverande: i maleria som no heng i Uffizi, i Baptisteriet, i San Miniato, i livet og dauden til Beato Angelico, som levde i ei celle i San Marco-klosteret. For dei var kvar einaste stein ei gåve til den urokkelege trua på Gud dei delte. Det er denne trua, den urokkelege naturen til denne trua, autensiteten til denne trua, og framom alt soliditeten i trua, som gjorde at ho virka effektivt for dei. Vi, i vår tid, treng ei autentisk tru, ei visse, knytt i hop med dei ultimate ytterpunkta i rom og tid — som gjer det same for oss. — Christopher Alexander, The Luminous Ground, side 42
Å leggje Moder Jord under asfalt er ei ekstrem handling ein skal vera svært forsiktig med |
No comments:
Post a Comment
Note: Only a member of this blog may post a comment.