Skip to main content

Gudstru på avvegar

Etter den vegen der eg vaks opp, Kronborgsæterlinna i Øverskreien på Østre Toten, låg bedehuset rett ved nedre enda på vegen, mens Kronborgseter trona på toppen med utsyn over Mjøsbygdene, fjellheimen og dei djupe skogane mot svenskegrensa. Bedehuset er i dag borte, mens karamellpuddingen på Kronborgseter pensjonat, den beste i kongeriket, framleis kan nytast av jordiske ganer. Verten der er innflytta sunnmøring, og sjølv om han var komen til tjukkaste Totenland trur eg han fann seg vel til rette på toppen av Kronborgsæterlinna. På eit vis vart han som prikken over i-en.

Folk etter Kronborgsæterlinna var meir prega av sunnmørsk entreprenørskap enn totningen sitt navleopptekne karakterdrag. Det var mest som om det vide utsynet frå bygda oppunder Totenåsen opna opp sinnelaget deira. Dei som budde etter denne linna var, og er til denne dag, anten bønder, sjølvstendig næringsdrivande eller industridrivarar. Med andre ord, dei var særs flittige og arbeidssame. Eg var sjølv ein av dei.

Livet er hardare i bygda oppunder Totenåsen enn nede på flatbygdene. Jorda er full av stein og snoen legg seg tjukk om vinteren. Klikk på bilete for ei forstørring.

Eg var sjølv òg ein av lesarane, kva bedehusfolket vart kalla før i verda. Og var det ein dyd som trona over alle andre dydar i bedehusland, var det flittigskap. I grunna opplevde eg bedehusfolket som sjenerøse, du kunne få tilgjeving for alt, med eit unnatak, latskap.

Pengar var inga synd, på eit vis var dei det synlige prov på Guds velsigning over arbeidet ditt. Vel og merka so lenge du ikkje pranga med dei. Eg er sjølv sterkt prega av denne haldninga, og reparerte nyleg den gamle sykkelen min for omtrent den same kostnaden som ein ny. Men eg får meg mest ikkje til å sykla rundt på ein ny sykkel, det kjennest prangande. Sant å seia, skulle eg sykla rundt på ein flunkande ny sykkel ville eg kjend meg som ein syndar.

Men det ligg ein djup inkonsekvens i denne livshaldninga, denne flittigskapen som eit uttrykk for gudsfrykt.

Denne strevsemda kombinert med ei ekstrem nøysemd kunne ikkje vara ved. Protestantismen vaks fram i lag med den industrielle revolusjonen, og utvikla ein etikk som gjorde at desse to passa saman som fot i hose. Men kombinert med stendig meir avansert teknologi og auka tilgjenge til energi, vart til slutt foten for stor for hosa.

Produksjonskapasiteten vart for stor til berre å dekkja behova våre, den einaste moglegheita ein då stod att med var å vri produksjonen over frå å dekkja behov til å dekkja begjær eller attrå. Det er ei stor føremon ved ein produksjon som søkjer å dekkja mennesket si attrå framom behov, og det er at mens menneska sine behov er små, er attråa uavgrensa. Den protestantiske nøysemda måtte erstattas med attrå, ein av kardinalsyndene. Dei har lukkast særs godt med dette, for i dag er attråa rekna for den fremste av dydar.

Det beste viset for å vekkja attråa hjå mennesket er ved å få det til å kjenna seg unikt, og marknadsekspertane vende seg til individualismen, det motsette av tradisjonalismen. At modernistane samstundes dyrka hatet til tradisjonane og tilinkjesgjeringa av desse som det høgste målet for ein rasjonell sivilisasjon, gjorde slaget til ein lett match. Den enklaste vegen til å manipulere og kontrollere menneske er ved å gjera dei til individualistar utan band korkje til kvarandre, det heilage eller tradisjonane. Det vara ikkje lenge før den nye homo sapiens var fødd, konsumentmennesket, fundamentet for konsumentsamfunnet. Det ironiske er at dette samfunnet står fram som ein uklar grå masse av individualistar utan korkje retning eller mål. Rett nok vert det fødd nokre stjerner, men dei skin med neonlys.

Eg er lei meg Hans Nielsen Hauge, flittigskapen din har kasta oss utfor avgrunnen. Det er ikkje lengre nokre som søkjer Gud, alt dei søkjer er si eiga attrå. Ein indirekte konsekvens av kva du kjempa for og trudde på, der du gjekk omkring i dei norske bygdene med strikkepinnane dine og starta industriverksemder.

Hans Nielsen Hauge, mannen som gjorde effektivitet til eit heilagt omgrep for det norske folk. For honom var røyken frå fabrikkpipene som eit røykelsesoffer til Gud.

Dei reformerte kristne, og då særs kalvinistane, hadde flittigskap, i dag kalla for effektivitet, som sitt høgste gudsuttrykk. Til alle tider, med eit høgdepunkt i middelalderens Firenze, hadde menneska søkt Gud gjennom å skapa heilskap, ikkje effektivitet. Gud kan ikkje uttrykkjast gjennom masseproduksjon.

På so vis reformerte protestantane Gud ut or materien. Diverre er Guds vesen usynleg, det kjem berre til syne gjennom materien, sprungen ut av dei 15 transformasjonane for heilskap. Dei fysiske strukturane er ramma om  våre indre liv. Dei reformerte kristne utsletta Guds tilstedevære i verda.

Tradisjonalisten og katolikken James Kalb spekulerar i om liberalismen er ein form for pervertert protestantisk kristendom. Eg er redd han har rett. Det er tid for å grava fram att middelalderen sin Gud.

Ordet teknologi tyder beint fram kunnskapen om å laga noko. Livets teknologi skapar heilskap, medan døden sine teknologiar splittar og fragmenterar. Vår sivilisasjon er splintra og fragmentert, ein kvasikultur. Ikkje fordi teknologien i seg sjølv er vond, men fordi vi nytta han til å spreia død. Heilskap kan ikkje oppstå ut av storskala industriproduksjon, då denne ikkje følgjer ein morfologisk prosess. Morfologi og heilskap kan ikkje skiljast åt, det er slik naturen skapar heilskap og det er slik menneska har handla fram til moderne tid.

Protestantane gav avkall på denne evige og heilage metodikken til fordel for masseproduksjon og effektivitet. Dei har gjett avkall på livet og dansar med døden. I dag tek vi alle del i denne dansen, lik viljelause marionettar. Vi dansar den forkvakla reformerte kristendomen sin dans, den modernistiske liberalismen sin vals, til eggande tonar. I sanning ein dans med djevelen.

Til slutt vil eg oppmoda til å sjå BBC-dokumentaren ”The Century of the Self” av Adam Curtis. Den viser korleis den moderne individualisten og konsumenten vart forma av industrien og korporasjonane ved avansert bruk av propaganda, der psykoanalysen spelte ei sentral rolle. Målet var å omforme forbruk frå å vera behovsstyrt til å verta begjærstyrt, for slik å leggja fundamentet for æveleg vokster.

The Century of Self, Parts I — 4


Artikkelen er publisert hjå Kulturverk den 20. januar 2013.

Comments

Popular posts from this blog

Paddehoa og plassen min

Kjære plassen min, kvalt du vart, lik ei paddehoe alle paddehannane kasta seg over i dammen om våren.
Dei ville alle bu ved dine grøne enger, då dei tykte det her var so vent og fredeleg. Men dei vørde deg ikkje, og no er du kvalt til daude.
Herr Fossemøllens augnestein stend utan låven sin, her gjeng ikkje lenger dyr og beitar i dine grøne enger. Berre grasklipparar beitar her no.
Dei elska deg til daude, og med deg i grava di tok du den rike
grendearven din.
No stend vi ribba attende.

Venter metankatastrofen oss?

I dag inneholder atmosfæren 5 gigatonn metan. Et estimat anslår at rundt 50 gigatonn metan kan være i ferd med å frigis i Arktis, dvs. en tidobling. Flere tusen gigatonn ligger lagret i den arktiske permafrosten, i den Øst-Sibirske arktiske havhylla alene ligger det 500 - 5000 gigatonn metan.

Metan er ved frigjøring mer enn 150 ganger sterkere som klimagass enn CO2, etter 20 år 86 ganger sterkere i gjennomsnitt, og etter 100 år 23 ganger sterkere. Dette fordi den blir til H2O og CO2.

Mennesket er et produkt av ilden, dette ser nå ut til å bli vår bane. Imens er det søndagsåpne butikker som debatteres, selvsagt en uting og et pådriv for konsumerismen, men allikevel et bevis på menneskets korte tidshorisont.

"Geoengineering" kan ikke hjelpe oss, det er langt mer fornuftig å lagre karbon i jordsmonnet. Det er 5-6 ganger mer karbon i jorda enn i atmosfæren og vegetasjonen sammenlagt. Her kan biokull (terra preta) spille en viktig rolle.

Biokull kan bli i jorda i flere hundre tu…

Hurdalsrosa på Toten

Austlandets perle
i dei djupe skogane
på hi sida av Totenåsen,
var raus då ho gav oss hurdalsrosa,
som her stend og raudner
over venleiken sin,
i veggen på våningshuset
til plassen min.

Kva skal vi med fjerne roser frå Nederland, når den venaste rosa i verda,
alt ved husveggen står? Ei våningshusrose var du, og er du, når eg syklar ikring, eg ser du prydar våningshusveggen, på mang ein staseleg storgardsbygning.

Hurdalsrosa vart like gjev
åt fattig som åt rik,
ho skil ikkje
på kven ho skjenkar
av venleiken sin.
I lag med deg,
sjølv ein husmannsplass,
rik vart.
Eit kjærleikshjarte er kvar ei rose
du oss skjenkar.
År etter år,
inga kulde eller tørke,
tek knekken på kjærleiken din,
du gamle hurdalsrosebusk,
ved gråsteinsmuren åt oldefaren min. Kan vi be om meir?