Wednesday, January 23, 2013

Eineståande viktig intervju i Klassekampen med biletkunstnar Christopher Rådlund og sosiolog Alexander Ibsen

Les heile intervjuet i Klassekampen:

- Kvifor er den så stygg?

Under fylgjer eit utdråg frå teksta:
At menneske har fått det betre på grunn av det modernistiske prosjektet, er likevel ikkje ein påstand forfattarane går med på.

- Industrien jobba for folket med masseproduksjonen. Alle skulle få ein verdigare kvardag, eit verdigare liv. Men stilen har aldri jobba for folket. Den har lata som at den har gjort det, men folket har aldri bedt om udekorerte fasadar. Det var ei elite som gjorde det. Modernismen er jo eigentleg ein borgarleg hobby, seier Rådlund

Han trur slett ikkje modernistiske blokkhus er den einaste vegen til å løysa dagens bustadmangel i norske byar.

- Det fins ein idé om at det å byggja meir tradisjonelt eller vakrare er dyrt. Men det fins mange døme på at ein kan byggja tradisjonelt til same pris. Det handlar om kvalitetssikring, dyktige arkitektar som sikrar at det ikkje vert kitsch. Med tydeleg definerte og strenge kvalitetskriterium, kan ein få fin nyklassisisme, bygd for omtrent det same, seier han.

- Det vil bli vakrare miljø, der folk vil trivast betre Det fins ingen rasjonelle argument mot dette, korkje økonomisk eller kjenslemessig. Kvifor gjer ein det ikkje likevel? Jau, ideologi og førestellingar.

Som døme på korleis folk søkjer mot meir tradisjonell arkitektur, trekk Rådlund fram Oslo-bydelar som Grünerløkka, Ullevål hageby og Frogner.

- Desse bydelane vert no oppfatta som snobbeområde. Dei trivelegaste områda vert dei dyraste. Men alle fortener å bu i slike miljø, seier han. 
Alle fortener å bu i slike miljø, vel og merke med unnatak av alle bilane. Gimlevegen med Frogner kyrkje i enda av gata, Frogner i Oslo. Foto: Kjetil Ree
Gentrifiseringa av gamle arbeidarklassestrøk viser korleis folket motsett seg styresmaktenes moderniseringsplanar, meiner Ibsen.

- Denne oppussinga skjer gjerne fordi ein eigentleg har hatt ein draum om å riva det heile, men så får ein ikkje gjort det, det vera seg grunna lokale protestrørsler eller av økonomiske årsaker. Det vert sett på som ein suksess for moderne byplanlegging, men det er jo ikkje det; det er ein suksess for gamle arbeidarbustader! Christopher Rådlund og Alexander Ibsen, forfattarar av boka "En sort bok om arkitektur"

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...