Monday, June 25, 2018

Blåveissvingen

Dei sa det ville verta som før,
men det vart ikkje det.
Dei sa det ville verta litt ugreit ei stund,
so veks det til og alt vert gløymd.
Men spora er ikkje her lenger,
dei som minna var knytte til.

Det gamle grustaket i svingen,
der eg ynskte å gøyme vekk pumpehuset,
er viska vekk.
Same med spora frå gamlevegen,
som ein gong gjekk opp framom svingen.
Sødmen hjå dei siste jordbæra frå jordbæråkeren til bestefar,
som hadde forvilla seg ned i vegkanten.
Men mest av alt all blåveisen,
der vi plukka buketter til mødrene våre om våren,
på veg heim frå skulen.
No veks her berre prestekragar.

Blåveissvingen er ikkje meir,
han har vorte Prestekragesvingen.
Trea som verna blåveisen og nærte han med lauvet sitt,
er hogge.
For komfort har større verdi enn blåveis
og minne.

Her passerte so mang ein rural kjempe,
fedrane mine,
kjerringar og ungar.
Johan Sønsteby, då han køyrde høy frå Østby til Vestby.

Blåveissvingen var det fyrste som møtte ein,
då ein kom til Grythengen,
småbruket som var
velkomstsportalen for grenda til Totenåsens apostel,
Magnus Johansen Dahl.

Alt vart grave i filler.
Inkje kjem nokon gong att.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Hovdetoppen - Mjøslandets største øyensår

Da vi forlot Gjøvik i 2018, var planen å flytte tilbake så raskt råd var, men så oppdaget jeg plutselig store skogsmaskiner oppe på det unik...