Thursday, June 28, 2018

Geitramsvollen

Her på vesle vollen i Grythengen
køyrde oldefar min vekk
fjortenhundre hestelass med stein.
Ein bragd det var,
du var litt av ein kar,
eg fekk veta det av far.

Låven din er borte no,
det same med dyra som beitte her,
kulturlandskapet forfell,
men framleis står geitramsen
og prisar verket ditt.

Noreg er ikkje meir ein kulturnasjon,
då vi ikkje lenger vil ha kulturberarar,
vollar med beitedyr
og nærande gardstun.
Vi vil berre ha bunkrar, 
høgspentgater,
og pumpehus.

Om nokre år er òg geitramsen borte,
eten opp av skogen.
Best ville det vera om han åt opp
heile landet vårt,
då vi ikkje lenger er det verdig.

Men geitramsen er verdig vollen din,
humlene gler seg over han,
der dei summar so fint,
i lag med songen frå Olterudelva
nedom vollen din.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...