Rustna lukke
Lukka i grenda mi er gamal og rustna der ho heng i entreen i Holmstadengen i form av ein hestesko. Ikkje mykje er att av lukka di fann i grenda no. Som askeladdar kjende di dykk, frie frå husmannslekkjer, der di eigde gråsteinsjorda di sleit i sjølve. Kristus gav meining åt slitet, di var sjølve prestane i ein ny åsreligion. Er det då noko rart att de kalla songboka som ljoma rundt åsen for Pris Herren? No syng ingen lenger frå songboka dykkar i grenda dykkar, heller ikkje eg, då eg ikkje orkar å opne ho. Moderniteten var det som tok knekken på lukka, den etsa ho vekk. Vonom hesteskoen i entreen i Holmstadengen ned av veggen dett. - Flickr .