Rådvill

Kvifor står du her,
du møkksluffa
etter oldefaren min,
ved stabburet til
herren din?

Rådvill tykkjer eg
du ser ut,
stabburet er det einaste
som er att
av alt som
var deg kjært.
Difor søkjer du
tilflukt her.

Størkna kumøkk sit att
i sluffa di,
ho vart skite føre
1959,
eit stivna minne frå
ei anna tid.
Ei herleg kumøkktid!

No har du mista meininga di,
låven er borte,
likesom gampen som
deg drog.
Nydelege kumøkkhaugar låg att
i dykkar spor,
lik sjokoladetoppar på
marsipansnø.

Men venleiken din,
den har du framleis,
du gamle møkksluffa mi,
då eg fekk sjå deg stå
attmed stabburet,
vart eg gripen
av byrgskapen din.

-Flickr.

Comments

Popular posts from this blog

Making the Garden — Christopher Alexander

Tear Down the Corviale! New Urbanism Comes to Rome

Raymond Ibrahim om Vesten og islam, katolsk fornyelse i Frankrike & kampen for skjønnheten