Hurdalsrosa på Toten

Austlandets perle
i dei djupe skogane
på hi sida av Totenåsen,
var raus då ho gav oss hurdalsrosa,
som her stend og raudner
over venleiken sin,
i veggen på våningshuset
til plassen min.

Kva skal vi med fjerne roser
frå Nederland,
når den venaste rosa i verda,
alt ved husveggen står?
Ei våningshusrose var du,
og er du,
når eg syklar ikring,
eg ser du prydar våningshusveggen,
på mang ein staseleg storgardsbygning.

Hurdalsrosa vart like gjev
åt fattig som åt rik,
ho skil ikkje
på kven ho skjenkar
av venleiken sin.
I lag med deg,
sjølv ein husmannsplass,
rik vart.

Eit kjærleikshjarte
er kvar ei rose
du oss skjenkar.
År etter år,
inga kulde eller tørke,
tek knekken på kjærleiken din,
du gamle hurdalsrosebusk,
ved gråsteinsmuren åt oldefaren min.
Kan vi be om meir?

-Flickr.

Comments

Popular posts from this blog

Making the Garden — Christopher Alexander

Tear Down the Corviale! New Urbanism Comes to Rome

Raymond Ibrahim om Vesten og islam, katolsk fornyelse i Frankrike & kampen for skjønnheten