Sunday, July 8, 2018

Eit siste vitnesbyrd

So greidde du deg gjennom denne vinteren òg,
du gamle stabeis av eit våningshus
her i Holmstadengen.
Korleis klarte du å bera all snøen
på dei gamle skuldrane dine?
Denne vinteren kom det tre gonger
eller 700 milliardar tonn meir
snø enn vanleg,
og jammen om du fekk din del
her øvst oppi Øverskreien.

Støtt dett det ned meir snø
her oppunder Totenåsen
enn nedi flatbygdene.
Vi har fått både steinen og snøen.
Nokre hardhausar var dei
som klarde seg
oppi her,
og du er sanneleg ein av dei.
Men eg kan sjå at vinteren tok på.

Brått kom sumaren,
sola kasta seg over snøen
og åt han opp i ein einaste stor jafs.
No er allereie juli,
du stend i all din skrud,
omgjeven av ein vedunderleg
geitramskrans.

Underleg er det å koma til deg,
som å reise attende i tida,
eg kjenner at eg høyrer heime
i tida di.
Den kulturen som rår etter grenda no
kjennast framand for meg,
men når eg kjem til deg,
då har eg kome heim.
Her du stend og prisar Herren,
med rustna røyst.

Heller ikkje nedi Grythengen,
den store kjærleiken din etter Olterudelva,
kjenner eg meg lenger heime.
Motkulturen har vorte for sterk der,
han har teke overhand,
på same vis som geitramsen
kring tunet ditt.
Men geitramsen høyrer heime her,
saman med deg og meg.
Takk fordi du stendig står og vitnar
om stortida som rådde
etter denne grenda.
Eit siste vitnesbyrd,
er du.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Hovdetoppen - Mjøslandets største øyensår

Da vi forlot Gjøvik i 2018, var planen å flytte tilbake så raskt råd var, men så oppdaget jeg plutselig store skogsmaskiner oppe på det unik...