Sunday, July 8, 2018

Grythengsko

So står du atter på gamal jord,
du litle barnesko.
Kan hende hundre år sida er det no,
sidan sist du leikte her.
Du står på gamlevegen over Grythengtunet,
der du har so mange minner kjær.

I mange, mange år,
i flisloftet på Grythengen du låg,
til gamlefar ein dag brått deg fant,
ein skatt du var,
heidersplassen du gjeve vart.
Og i dag fekk du sjå att
det gamle tunet ditt.

I sanning,
du høyrer heime på dette tunet,
eg kan sjå det no.
Korkje adidas, nike eller puma,
ville gjort seg her.
Mens du ein pryd er!

Oppi Holmstadengen vart du nok forma,
av jordbrukaren, emissæren, husmannssonen,
vandraren og skomakaren,
som levde der.
Med trenagler gjennom såla.
Du vart laga i kjærleik
til borna som i grenda hans leikte,
med omhug i kvar ein søm.
Jordnær var han som få,
og jordnære vart dei som fekk vekse opp
i skorne hans.

I sumar atter små barneføter leikar
på gamletunet ditt.
Ei lukke ville det vore
om dei her fekk vekse opp,
men den lukka som her var,
fare har.
Men tenk ikkje på det no,
du gamle sko,
let berre minna fløyme på,
frå den gode tida du fekk sjå.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...