Totens venaste kjærleikspar

No er eg atter i grenda mi,
eg vert ikkje lenge her,
då røtene eg skulle verja,
åt Moderniteten gjevne er.

Kva var det vi mista på vegen,
jo Totens venaste kjærleikspar.
Etter Olterudelva dei heldt einannan i handa,
alt dei hadde til sams her.

Vi verdsette ikkje deira kjærleik,
vi vanvørde kva her var.
Kvar skal vi no ta vegen,
då all venleik oss forlate har.

Holmstadengen og Grythengen,
to husmannsplassar dei var.
Takk for den gode tida di fekk ha saman,
inkje mindre enn eit under ho var.

Holmstadengen, øvst etter Olterudelva.

-Flickr.

Grythengen, nedst etter Olterudelva.

-Flickr.

Comments

Popular posts from this blog

Making the Garden — Christopher Alexander

Tear Down the Corviale! New Urbanism Comes to Rome

Raymond Ibrahim om Vesten og islam, katolsk fornyelse i Frankrike & kampen for skjønnheten