Tuesday, July 10, 2018

Stabburstunet

Tre gamle venar er dei,
gardsepletreet, stabburet og syrinen.
Epletreet skjenker oss stendig
av dei søte fossemøllingsepla sine,
her det står og hyllar stabburet.
Truleg åt stamfaren vår,
herr Fossemøllen,
av fruktene dine,
og slik bitt du oss saman i tida
med sødmen din.

På andre sida står syrinen
og gjev stabburet ein kjempeklem.
Mykje glade har dei vorte i einannan,
den lange tida dei har fått dele saman.
Eg vil tru syrinen vart planta
samstundes med stabburet,
i 1920.
Han luktar vedunderleg kraftig,
slik livet var her,
eingong.

Stabburet sjølv hyllar Gud
og skaparverket,
då det er ein inkarnasjon
av dei femten transformasjonane
til Christopher Alexander.
Ei gåve til Gud er det,
i kvar ein detalj.

Saman står denne trioen og syng
om svunne tider og gløymde minne.
Ein stille song,
som vart overdøyve av framand
teknologi og livsførsel
frå Amerika.

Inkje av dette høyrer heime her
i dette eingong so levande
historiemåleriet,
i kulturlandskapet på Toten.
Hadde det hengt på
Nasjonalgalleriet,
ville det vorte ramaskrik.
Men på Toten er det berre
Subeksurbania,
som gjeld.

Eg kallar tunet i Grythengen
stabburstunet no,
sjølv om den storslege draumen til
Le Corbusier og Edvard Bernays,
har frose det eingong so varme tunhjartet,
som byrgt banka her,
til is.

Når eg betraktar desse tre venane,
som i alderdommen vart frårøva kulturmiljøet sitt
og livsgjerninga si,
av di historiehjulet slutta å rulle
på denne gamle plassen
oppunder Totenåsen,
undrast eg om
songen frå Pris Herren
nokon gong
atter kan få ljome i byrgskap
over stabburstunet?

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...