Barnevenleg?
Tankane mine gjeng til den materialiserte visdomen si store bok, “ A Pattern Language “, som er sett saman av 253 mønster meisla ut or materien. Og eg tenkjer på mønster 73, eventyrleikeplassen: Problem Eit slott, laga av kartong, steinar, og gamle greiner, av ei gruppe born for dei sjølve, er verdt tusen perfekt detaljerte, og perfekt dekorerte slott, laga for dei i ein fabrikk. Løysing Sett opp ein leikeplass for born i kvart einaste nabolag. Ikkje ein ferdig leikeplass, med asfalt og husker, men ein plass med råmateriale av alle slag – nett, boksar, tønner, tre, reip, enkle verktøy, plankar, gras, og vatn – kvar ungane kan skapa og gjenskapa leikeplassen sin på eigehand. Sjå større bilete her .