Stabbursspor

Her gjekk oldefar min,
sterk og byrg,
mot stabburet han sjølv
hadde bygt.
Krona på verket
for tunet det var.
Stabburstunet,
med toner frå Pris Herren,
sisik og stær.

Eit stabbur sprunge ut
av ein levande kultur,
lik blåveisen i Blåveissvingen
gjorde det,
ut av kalkrik totenjord.
No er her inkje lenger
noko som gror.
Vi mista kulturen vår,
eit fedrealter gjekk tapt,
borte vart trua òg.
Hovdetrua,
rår no.

Stabburet vart ei kulisse
for Le Corbusiers
Subeksurbania.
Her er inkje lenger
noko skille
mellom by og land.
Enga di vart ein
fattigmanns-riviera,
i eit juggel-land.

Eg gjekk her i dag,
i nysnø,
spora mine går her no.
Dessverre fekk eg ikkje
fylgje i dine spor.
Alt er sporlaust
borte no.

-Wikimedia.

Comments

Popular posts from this blog

Making the Garden — Christopher Alexander

Kristensionist Donald Trump redder Nigeria fra islams sverd

Tear Down the Corviale! New Urbanism Comes to Rome