Tuesday, February 12, 2019

Vinterkvelden

-Wikimedia.

Mange kveldar
har du sett gå ned
over Mjøslandet,
du gamle våningshus
i Holmstadengen,
og i kveld vart ein riktig ven
vinterkveld.

Åleine står du
i alderdomen,
lik so mange som gav alt,
for borna sine.
Utakk er verda si løn.
Alt du lærte dei,
alt du gav dei,
har dei gløymd
og forskusla.
Dei merkar ikkje eingong
at høglysa til Mjøslandet
har slokna.

Dei har auga sine vendt
mot Hovdetoppen no,
tempelhøgda til
den nye verdsreligionen.
Der forkynner dei ikkje
nøysemd og audmjuke
og vørdnad for dei
som gjekk føre oss.
Kulturberarar og fedrealtrar
vert ringeakta.
Berre fyrstar vil dei ha.

Feitt var ikkje kallet ditt,
i motsetnad til for Stange-kyrkja
på andre sida av Mjøsa.
Du ser rett dit ned herifrå.
Presten der,
han hadde ei heil tønne med sylv
i kjelleren han.
Eit av Noregs feitaste prestekall.
Noko tønne med sylv,
var det nok aldri i kjelleren her
i Holmstadengen.

For husmannsfolkets apostel
holdt til her
på denne gamle husmannsplassen,
oppunder Totenåsen.
Ein husmannsson var han,
apostelen for husmannssoner,
han kom til sine eigne.
Sjølv endte eg opp
lik ein husmann,
slik det seg hør og bør
for ein kulturberar
av eit fedrealter
i vår tid.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Hovdetoppen - Mjøslandets største øyensår

Da vi forlot Gjøvik i 2018, var planen å flytte tilbake så raskt råd var, men så oppdaget jeg plutselig store skogsmaskiner oppe på det unik...