Friday, March 11, 2011

Sustainable Energy - without the hot air

80 prosent av verdens energiforbruk er i dag fra fossile kilder. 70 prosent av Kinas energi kommer fra kull, og selv om de satser stort på alternativ energi er den relative andelen fornybar energi synkende, grunnet økonomisk vekst. For tjue år siden slapp verdenssamfunnet ut 25 gigatonn CO2 årlig, i fjor 37 gigatonn og om tjue år kommer vi til å slippe ut 50 gigatonn.

Kintigh Generating Station in Somerset, New York

Kan trenden reverseres? Neppe, i følge David JC MacKay, professor ved Cambridge og forfatter av boka Sustainable Energy - without the hot air, som kan lastes ned gratis her. Et sammendrag av boka finnes her.

Så et lite utdrag fra ukeavisen Dag og Tid:
MacKay vann den internasjonale fysikkolympiaden som attenåring og er i dag rådgjevar for den britiske regjeringa i klimaspørsmål. I 2009 gav han ut boka Sustainable Energy - without the hot air. Der rekna han på kor mykje energi som må til for at Storbritannia skal verta karbonnøytral, altså ikkje sleppa ut meir CO2 enn det som til kvar tid er i naturleg sirkulasjon.

Storbritannia er kanskje det store landet i Vest-Europa som har best føresetnader for å laga store mengder fornyeleg energi; britane har mykje unytta land, mykje vind og store havområde.

Ingen har stilt spørsmål ved utrekningane til MacKay. Storbritannia ligg per person elles heilt på gjenomsnittlege CO2-utslepp i EU, 11 tonn CO2, som ligg på under halvparten av dei amerikanske utsleppa, men er nett dobbelt så høge som gjennomsnittet for verdsfolksetnaden. Men reelt er karbonavtrykket til britane mykje høgre, for dei kjøpar ting frå utlandet. Tek vi med det britane importerer, slepper kvar brite ut 21 tonn CO2 i året. Skal Storbritannia verta CO2-nøytralt, må utsleppa per innbyggjar ned frå 21 tonn til eitt tonn. Og det britane må ned, må langt på veg resten av verda og. Så var det resultata.

Om britane dekkjer den ti prosenten av fastlandet der det blæs mest med vindmylner, vil det dekkja 25 kilometar med bilkøyring kvar dag per køyrande brite. For å få til dette må Storbritannia byggja dobbelt så mange vindmylner som det er i verda i dag. Tala til MacKay er svært røyse, dessutan gjev ikkje vind stabil kraftforsyning. Kva om vi dekkjer alle sørvende tak i Storbritannia med solpanel? Det gjev energi tilsvarande litt under helvta av alle britiske flyreiser.

Kva om prisen på solceller gjekk dramatisk ned, og britane dekte fem prosent av absolutt alt land med solpanel? Det ville gje litt meir energi enn det som går med til å flytta heile den britiske bilparken. Men for å få til dette må britane byggja solfarmar som er 100 gonger større enn dei vi har i dag over heile verda. I føresetnaden til MacKay ligg det at solcellepanel vert meir effektive og reelt sett gratis.

Så til biodrivstoff. For å verta fullt endå meir fornyelege må britane dekkja 75 prosent av alt - ja,alt - land med ulike vekstar, skal biodrivstoff gjeva eit monaleg tilskot til energiproduksjonen.

For å oppsummera: Ti prosent av landet til vind, alle sørlege tak dekte med solcellepanel og fem prosent av bakken, 75 prosent av alt land til biodrivstoff, i tillegg kjem massiv utbyggjing av vindmylner til havs, bylgjekraftverk, vasskraftverk pluss mykje anna, alt dette må til for at storbritannia skal verta sjølvforsynt og karbonnøytralt. Føresetnaden er også at det kjem ny og meir effektiv teknologi enn vi har i dag. Den dagen britane er framme ved det fornyelege energisamfunnet, har utsleppa per innbyggjar kanskje kome ned på eitt tonn CO2 i året i 2050. Men då har også MacKay rekna med at den økonomiske veksten skal halda fram som no.

Men diverre har ikkje MacKay rekna med energitapet, seier han sjølv. Energi går nemleg tapt når ein skal omdanna det til ei form som vi menneske kan gjera oss nytte av. I gjennomsnitt går 22 prosent av all energi opp i tynn luft når han vert omdanna. Jamvel om britane gjer alt som MacKay har rekna på, er heller ikkje det altså nok, skriv han sjølv. Og då har han ikkje teke omsyn til økonomien i det heile. - Jon Hustad, Dag og Tid nr. 10, 2011.
 Videre lesning:

No comments:

Post a Comment

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...