Paddehoa og plassen min

Kjære plassen min,
kvalt du vart,
lik ei paddehoe
alle paddehannane
kasta seg over i dammen
om våren.

Dei ville alle bu
ved dine grøne enger,
då dei tykte det her var
so vent og fredeleg.
Men dei vørde deg ikkje,
og no er du kvalt
til daude.

Herr Fossemøllens augnestein
stend utan låven sin,
her gjeng ikkje lenger
dyr og beitar
i dine grøne enger.
Berre grasklipparar beitar
her no.

Dei elska deg til daude,
og med deg i grava di
tok du den rike
grendearven din.

No stend vi ribba attende.

-Flickr.

Comments

Popular posts from this blog

Making the Garden — Christopher Alexander

Tear Down the Corviale! New Urbanism Comes to Rome

Raymond Ibrahim om Vesten og islam, katolsk fornyelse i Frankrike & kampen for skjønnheten