Wednesday, August 8, 2018

Fossemøllingsklaseepler

Du må ha funne ei god vassåre,
du gamle gardsepletre
på plassen min.
Sjølv i tørrsumaren 2018
bærer du flotte eple
i klasar.
Fylde av søtleik,
vert dei vonom,
lik druer
i Grekenland.

Tippoldefaren min
og tipp-tipp-oldefaren
til døtrene mine
åt av
fruktene dine.
No er søtleiken din
den siste lekkja
mellom han og oss.
Du gledde han
då han var gamal,
og oss
no når du er gamal.
Takk og takk!

Den siste søtleiken
etter denne grenda
er epla dine no.
Eg nyt denne søtleiken
i store betar,
som eg tygg lenge på,
medan eg undrast over
kvifor vi gav avkall
på han?

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...