Byrgskap

Kjære oldefar min,
eg kan berre ane kva for byrgskap
du kjende,
då du satt her i godkroken
i finstova
åt apostelen din.

Di hadde kvar dykkar eng
hand i hand
etter Olterudelva,
og ingen bølla med dykk
i kommunen,
slik som då eg ynskte meg
den vetle skjermingshaugen min.
Men å rasere
grendestigen og seterstigen
mellom Holmstadsveen og Hongsetra,
der di vandra,
det er greit.

Di levde etter generative prosessar,
evolvert gjennom århundra,
med gamal teknologi,
som var dykkar.
No vert grenda mi
forma av politiske prosessar,
og dei er illsinte av di
eg ikkje lovprisar
dei politiske prosessane deira,
som dei tykkjer er høgda
av menneskeslekta
si utvikling.

Eg vanvyrder dei,
men fell på kne for dykk to
rurale gigantane og husmannssønene,
som satt her i lag
i godkroken i Holmstadengen.
Di hadde alt di,
engene dykkar,
teknologien dykkar,
og trua dykkar.

Diverre kan eg ikkje overlate
enga mi
til døtrene mine,
av de det ikkje lenger
finst noko av byrgskap her.
Dei har teke ifrå engene våre
all autonomi,
all kultur og retrovasjon,
alt kva di var
i kvar einaste celle
og tanke.

-Flickr.

Comments

Popular posts from this blog

Making the Garden — Christopher Alexander

Tear Down the Corviale! New Urbanism Comes to Rome

Raymond Ibrahim om Vesten og islam, katolsk fornyelse i Frankrike & kampen for skjønnheten