Svingplogen hans oldefar
Du stend so byrgt på kjørbrua åt låven din, på denne plassen kor du gjorde jobben din, du svingplogen åt oldefaren min. Svært var det då du kom til gards, her hadde berre vore treplog, no vart det jarnplog, som gampen fekk dra, du vart sete storleg pris på då. Eg er den einaste som verdset deg no, riktig glad vart eg då eg deg fekk sjå. Eg drog deg ut til stort spetakkel frå skrothaugen som er att etter låven din. Gløymt var du, rustna er du, men eg er byrg over å halde deg, for det gjorde òg oldefaren min. No er alt borte, du gamle plogen min, dei som bur her no har ingen vørdnad for den gamle husmannsplassen din. Dei tykkjer nok at du er berre skrot, at det av deg spiker skulle vorte gjort. Men for meg er du eit monument over stortida åt oldefaren min. - Flickr .