Wednesday, October 17, 2018

Elvefolket

Vi var elvefolket vi,
tipp-tipp-oldefaren min,
her eg stend
ved demningen din.
Elvebruket ved Olterudelva,
det var augnesteinen din,
i lag med Holmstadengen,
elvebruket til apostelen din,
som held Grythengen so varleg i handa,
her etter elva.

Eg er lei for det,
tipp-tipp-oldefaren min,
her skulle vore vatn,
i demningen din.
I vassveita skulle der runne,
ned til skovlhjulet,
til trevarefabrikken
til sonen din.
Men her har alt tørka inn,
eg mista kulturarven min.

Kvifor bar du namnet Fossemøllen,
tipp-tipp-oldefaren min?
Kom du frå garden Fossemøllen
ved Kværnumsstryka,
du eller far din?
So mange spørsmål,
so få svar,
alt eg veit er at
eg tapte plassen din.

Totningane verdsette ikkje
historiemaleriet ditt,
dei konsumerte det,
som om det var juggel
frå USA.
No er dei glade,
av di vi må dra.
Røter, noko å elske,
som gjev oss byrgskap,
rotfeste og identitet,
eit fedrealter,
eit historiemaleri,
eit elvebruk etter elva
frå løyndomsfulle Tjuvåsen,
vil dei ikkje ha.

Vi var elvemenneske vi,
kjære tipp-tipp-oldefaren min.
Såg du meg no,
ville du gråte,
du ville fylt elva di
med tårene dine,
til ho gjekk i ville stryk,
slik som under vårflaumen.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Hovdetoppen - Mjøslandets største øyensår

Da vi forlot Gjøvik i 2018, var planen å flytte tilbake så raskt råd var, men så oppdaget jeg plutselig store skogsmaskiner oppe på det unik...