Friday, October 19, 2018

Den siste Fossemølling

Ho er den siste fossemølling,
den siste av ei gamal ætt,
den siste av ei levande tru,
som ved Olterudelva fekk bu.
Lik den siste mohikanar
miste ho landet sitt
og kulturen sin,
slukt av storsamfunnet,
vart ho.

Eg trur ho er
sjuande generasjon her,
då tipp-tipp-tipp-oldefaren hennar
med på husmannsvelferda vart,
til det lova landet, "over there".
Før han drog
trur eg han kjøpte fri
husmannsplassen for sonen sin,
og for ho som står her no.
73 år var han då,
sju er ho.

Landet hennar vart erobra
av Subeksurbania,
utopien frå
USA.
Det lova landet
myrda landet
tipp-tipp-tipp-oldefaren hennar
reiste ifrå.

Inkje kan eg gjera
for å berga ho,
kulturen hennar,
og hennar tru.
Elvebruket etter Olterudelva,
som renn ned i Lenaelva,
til Kværnumsstryka,
der garden Fossemøllen låg,
der eg trur ætta hennar kom ifrå,
vert borte no,
saman med ho.

Berre nokre linjer kan eg skrive ned,
i enkel grendepoesi,
for å minnast kva som var,
her ved elva di.
Kan hende nokon les dei eingong,
og undrast om vi miste noko,
òg for vår tid?

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...