Wednesday, October 24, 2018

Hadde eg enger

Hadde eg enger so ville eg fly,
langt attende i tid.
Til tida då oldefar og M.J. Dahl,
gjekk her over tunet i lag.
På stabburstrappa
frå Pris Herren dei song
sumarnatta inn,
til solnedgangen i Øverskreien.
Desse rurale kjempene,
og husmannssonene,
frå kvar si eng.

Hadde eg enger so ville eg fly,
attende til tida då totenarden
til tippoldefaren min,
flaug gjennom steinjorda
her på den gamle
husmannsplassen min.
Ein universalreiskap dregen
av kjerring, hest eller ku,
som ein kunne bera over skuldra,
og reparere sjølv.
Teknologi i den menneskelege skala,
og ikkje som no.
Kjempetraktorar fer over jorda,
store som dinosaurar,
eit skremmande syn.
Nei, takke meg til,
totenarden min.

Hadde eg enger so ville eg fly,
attende til tida
då vegen var ein møteplass.
Der ein gjekk på solane
til skomakaren i Holmstadengen.
Ein stoppa då ein møtte ein granne,
veksla nyhende om åsfolket,
verda var stor då.
Totenåsen var som heile Europa no.
Ein gledde seg over blomane i vegkanten,
var ikkje redd for å verta drepen
av eit stålmonster rundt neste sving.
No berre fyk folk gjennom landskapet,
innkapsla som i ein ubåt under vatn.
Le Corbusiers framtidsdraum
vart vår,
men ikkje min.

Hadde eg enger so ville eg fly,
til tida då grenda mi
sveva på stolte enger,
lik ei kongeørn,
høgt i sky.
Like til himmelen flaug ho då.
Engene var sterke,
fulle av vitalitet,
eit gledessyn.
Det var grenda sin belle époque.

No har engene visna hen,
dei kan ikkje lenger bera grenda si,
ho vart ei engeklipt grend,
eit tapt minne om stortida vår.
Sjølv lyt eg fara,
sju generasjonar fekk vi vera her.
Eg kan ikkje halde fram
som kulturberar
for enga mi,
utan vitaliteten som var
då grenda mi
flaug på sterke enger,
full av byrgskap,
høgt i sky.

-Flickr.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Dagens demokrati kan ikke redde oss fra klimakrisen

Politikerne tror at løsningen på klimakrisen er å forsterke naturkrisen, ved å grave i filler naturen vår, for å plassere vindkraftverk på h...