Skip to main content

Livets teknologi – ei innleiing

I dag kallar eg meg for teknologioptimist, fordi dette omgrepet har fått eit nytt innhald for meg. Den tradisjonelle teknologioptimisten er vel ein som reknar med at økonomisk vekst vil leia til ny teknologi som ska redde verda frå konsumerismen sine skuggesider, og at det ikkje finst nokon grunn til å endre livsstilen vår, snarare tvert om. Men eg er redd dette ikkje er nok. For å staka ut ein ny kurs må vi endre heile oppfatninga vår av kva teknologi er og korleis han nyttast.


Her er vi ved eit kjernepunkt i den framifrå essayserien av Michael Mehaffy og Nikos A. Salingaros, som vart trykt i det New York baserte arkitekturmagasinet Metropolis Magazine i haust. Teknologi ikkje som noko statisk, men meir som ein morfologisk og utfaldande prosess av livet sjølv, djupt samanvevd med det livet vi er ein del av. Dette er det dei nemnde herrar kallar for livets teknologi, i motsetnad til ”dødens teknologiar”, som er rådande for vår livsutfalding i dag. Adaptiv design er òg ei god nemning.

På eit vis har ”teknologioptimistane” og ideologane same syn på verda då dei begge ser menneskesamfunna som skilde frå naturen, noko ein kan kalla ein reduksjonistisk ståstad. Ideologi er fåfengd så lenge han nyttar seg av ”dødens teknologiar”. No som vi har lagt bak oss ideologiane sitt hundreår og entra eit nytt millennium, er det på høg tid å sjå bortom ideologiane og heller byggja menneskesamfunna på livets teknologi. Dette synet har eg gjort greie for i ein annan artikkel som eg har kalla From Ideology to Technology.

Men kven er herrane bak desse metropolisessaya? Michael Mehaffy har eg ikkje kjennskap til frå før av, men CV-en hans er imponerande. Han er nyurbanist, og arbeider som forskar, planleggar og prosjektleiar innan nyurbanismen. Det eg merkar meg mest er at han har samarbeida med Christopher Alexander, mellom anna med å utvikle nye klassar av ”generative kodar” og ”pattern languages” (her vel eg å ikkje omsetja til ”mønsterspråk”, då det vert for tvitydig).

Om CV-en til Mehaffy er imponerande, kjem han i skuggen av den til Nikos A. Salingaros, som du finn her. Han er professor i matematikk ved The University of Texas at San Antonio, og har gitt monalege forskingsbidrag innan matematikk og fysikk. I 1983 byrja han eit samarbeid med Christopher Alexander, og hjelpte han med å redigere det monumentale bokverket The Nature of Order. Sidan den gongen har han publisert ei imponerande mengd essay og artiklar, samt nokre bøker. Den siste boka, Twelve Lectures on Architecture; Algorithmic Sustainable Design, har eg omtala her. I tillegg til å vera ein akta føredragshaldar er Salingaros tilsett ved arkitekturfakultet ved universitet i Italia (han snakkar flytande italiensk), Mexico (snakkar og spansk) og Nederland. Engelske Wikipedia gjev ein fin presentasjon av arbeidet hans.

Den fyrste som byrja å utforske den djupe koplinga mellom arkitektur og vitskap, og då særleg med matematikk, fysikk og biologi, var Christopher Alexander. Ikring honom har det etter kvart danna seg ein krins av arkitektar, forfattarar og intelektuelle, mellom dei Charles, prinsen av Wales. Dei fem fyrste essaya i metropolisserien omhandlar den radikale teknologien til Christopher Alexander; radikal, men djupt forankra i forsking og vitskap. Dette kan ein ikkje kan seia om dei ideologisk baserte doktrinane som dominerer hjå ”stjernearkitektane”, og dessutan hjå dei fleste arkitekturuniversiteta. Dei nektar å sjå sanninga i auga, lik blinde trellar under ”dødens teknologiar”. Les meir om Nikos si fortviling over det vonlause som pregar samtidsarkitekturen i det tidlegare essayet Cognitive Dissonance and Non-adaptive Architecture: Seven Tactics for Denying the Truth.

Men det er ikkje pessimismen som rår i metropolisessaya, her er det løysingane som får bløma, eller ”nyteknologioptimismen” om du vil. Sjølv har eg vorte svært glad i ”pattern”-teknologien til Christopher Alexander, som kan nyttast i nær sagt alle felt innan samfunnsbygging, men òg innan forsking og teknologi. Paradoksalt nok er det mellom programutviklarar denne har vorte mest omfamna. Arkitektane vel stort sett å forteie eller fornekte A Pattern Language, ei av dei viktigaste bøkene i det førre hundreåret. Nikos har utvikla denne teknologien vidare i artiklane The Structure of Pattern Languages og Connecting the Fractal City. Sjølv har eg nett skrive ein artikkel om kjøpesenter som eit av dei mest øydeleggjande anti-”patterna” i den norske samtidskulturen.

Metropolisessaya avsluttar med å omtala såkalla ”biofilisk design”, ein term skapt av krinsen kring Alexander, men som òg har vorte ”kopiert og misbrukt” av nokre av dei mest nihilistiske samtidsarkitektane. Eigentleg er det biofilisk design heile denne essayserien handlar om, at vi for å skapa heilskap må etterlikne og samarbeide med naturen og dei livsprosessane som omgjev oss. Dette er til vårt eige beste på alle nivå, psykologisk so vel som økonomisk. Eit system som ikkje tar omsyn til heilskap styrer mot kollaps, og det er dit vi er på veg no.

Essaysamlinga omtala i artikkelen finst her.

Artikkelen er publisert hos kulturverk.com.

Comments

Popular posts from this blog

Sommerhilsen fra Terje Bongard

Noen tanker:

Nesten halvparten under 30 år kommer ikke til å stemme i høst. Individet i storsamfunnet er fremmedgjort: Følelsen av å ha innflytelse er liten, avstanden opp kjennes utenfor følelsesregisteret. Avisene i dag fokuserer på at om man ikke stemmer, så har man ingen innflytelse. Spørsmålet er bare om forskjellen ville bli så stor om vi smurte 50 % mer stemmer ut over dagens partilandskap. Blir framtiden mer bærekraftig av det? Blir følelsen av innflytelse større?


Det påligger folk med kunnskaper et svært ansvar nå. Framtidas livsnødvendigheter, omsetningen i de store systemene som gjenskaper og omsetter luft, vann, jord, klima og næring, selve livsveven er i ferd med å knekkes. Ikke bare mat og klær, også helse og livskvalitet, trygghet, konflikter mellom individer, regioner og land ligger i potten. Biomangfold er en sikkerhet vi trenger for å holde sykdommer i sjakk, matproduksjon oppe og livskvalitet levende. Du ser tegna rundt deg hele tiden. Det er en håndfull arter som …

Village Towns

Vandana Shiva from Sustainable Cities™ on Vimeo.

Vandana Shiva, an internationally recognized Indian activist and philosopher, explains that planning for the human being rather than the automobile can liberate space and create community within a city. In her opinion, a sustainable city should operate as a self-reliant and self-sufficient cluster of villages.

Naturmaterialen åldras på ett sätt så att de får en ny och kanske till och med ökad skönhet

Syntetiska material kan till exempel omedelbart verka snygga och praktiska. Teflon, goretex och de många nya nanoimpregneringsämnena är kända för deras otroliga förmåga att avvisa vatten, fett och smuts, men den avvisande kvaliteten verkar också gälla mer generellt för de syntetiska materialens estetiska verkan. Det finns ofta en endimensionalitet i materialen, som gör dem starkt monotona i större mängder. Syntetiska material åldras dessutom i allmänhet med mycket lite behag. Från det ögonblick de börjar mista sin industriella glans kommer de snabbt att likna avfall. Detta är helt motsatt hos naturmaterialen som ofta åldras på ett sätt så att de får en ny och kanske till och med ökad skönhet. Det är som om de rymmer en stor mängd upplagrad erfarenhet, som om detaljrikedomen först på allvar avslöjas i förfallsprocessen. Skönhetens Befrielse av Morten Skriver, s. 166