Thursday, November 17, 2016

Garob om spelet

Kommentar her.

Det er påfallande at det politiske spelet er det som dreg til seg mest merksemd, målt i talet på kommentarar i det minste.

Sjølvsagt er spelet viktig for oss.

Men alle desse debattane omkring kvar vegen framover går tek utgangspunkt i eit «tabula rasa», blanke ark.

Som om vi står overfor ein meny det berre er å velge og vrake frå.

At økonomar ser det slik får vi bere over med.
Økonomar har som kjent ikkje greie på noko som helst.
Spesielt har dei lite greie på økonomi.
(Det er ikkje det du veit som får deg i vanskar, men det du trur du veit, som slett ikkje er slik du trur.)

Frå historikerar kunne vi kanskje vente oss meir?

For djupt inne i «dyrets buk», i dei indre organa til den industrielle-finansielle sivilisasjonen vi lever i, kvernar tannhjula ubønnhørleg vidare:

Det finansielle systemet spyr kvar dag ut milliardar i kreditt, nyskapte pengar i form av gjeld.
Gjeld som skal betalast tilbake, med renter, av ein framtidig produksjon av varer og tenester.
Renter og renters rente er ein eksponentiell funksjon, for å terpe på det, igjen.

Samstundes fortærer det industrielle maskineriet ressursgrunnlaget på denne vesle planeten i eit desperat forsøk på å følge den eksponetielle kurva til finanskapitalen.

Men ressursane er endelege.

Og det er ikkje den dagen ressursane er brukte opp vi får vanskar, det er den dagen eksponentielt auka uttak for å halde tritt med gjeld, renter og renters rente ikkje lenger er mogleg.

Vi brukar dei lettast tilgjengelege ressursane først, etter kvart må vi pøse stadig meir ressursar inn på å utvinne dei ressurasane industrien treng.

Dette er lova om den minkande utbytteauken.

Når desse to komponentane i vår industrielle-finansielle sivilisasjon flyg frå kvarandre for godt er vi på veg mot sluttspelet.

Vi står på vippepunktet i desse dagar.

All teorisering av kva slag statsordningar som er tenelege er yndlingssporten til kommentariatklassen, der avisa KK har meldt seg inn, her med ein ny sterk søknad. Kanskje fordi dette skiktet skjønar, eller i det minste anar, kva veg det går, og vil halde seg inne med den handa som før dei.

Spelet slik vi kjenner det er i ferd med å bli totalt meinigslaust.

Ingen av sidene har alternativ å tilby, lovnadane dei kjem med er falske fordi dei er utan grunnlag i dei biologiske og fysiske vilkåra vi lever under.

Fascisme er den einaste vegen vidare for systemet, noko som sjølvsagt ikkje vil berge det, men gjere livet håplaust for dei fleste.

Det er ei viktigare erkjenning enn kven som meiner kva oppe i det heile.

Å avsløre dette gjer den systemlojale «venstresida» frådande av raseri.

Stå på Steigan, hald fram med å tirre dei til dei sprekk av eige sinne!

Relatert

No comments:

Post a Comment

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...