Monday, April 16, 2018

Kyrkja - bygget som rommar æva

St. Vitus Cathedral in Prague.

-Flickr.

Opp gjennom tida har kyrkjebygging vore eit fellesprosjekt, ein prosess som sprang ut or folket og batt dei i hop. I dag spring kyrkjebygga ut or ein arkitekturelite og splittar lokalsamfunna. Folk kjenner seg ikkje att i desse nye kyrkjebygga, monument ikkje over det ævelege, men over arkitektane sitt ego, der det er det ”unike” som stend i sentrum.

Erkemodernisten Le Corbusier definerte nokre enkle geometriske grunnformer, som kubar, sylindre, kjegler og flatar, som grunnlaget for arkitekturen. Desse er kanskje funksjonelle og praktiske for industriarkitekturen, men ståande åleine støyter dei frå seg venleiken og det sakrale. Christopher Alexander har definert eit mykje rikare fundament for arkitekturen, ikkje gjennom minimalistiske grunnformer, men gjennom mønstre som definerer skaparverket, ja sjølve skapinga. Desse har han kalla for dei femten livsverdiane.

I Grødem kyrkje i Randaberg, teikna av kyrkjebyggkonsulent Ove Morten Berge, glimrar desse med sitt fråver. Det same gjeld det påtenkte kyrkjebygget i Våler. Liv i materien kan definerast ut frå i kor stor grad desse verdiane er til stades. Viss ein definerar Gud som opphavet til livet, det levande, må ein difor konkludere med at desse kyrkjene er gudsfornektande i sitt vesen.

Berge påstår at han byggjer for framtida. Kyrkjene hans gjev dessverre den same framandgjørande kjensla som dei typiske bygga i ”science fiction” filmar, nett fordi dei er bygde etter same lesten. Det han og samtidsarkitektane gjer er å byggje for ei kjensle av framtida, forma av konsumentkulturen. Dessverre er dette det motsette av å byggje for æva.

Kva Sverre Svendsen meiner med at seilet på kyrkjebygget i Våler er av ein annan kvalitet enn tilsvarande på eit hotellbygg i Molde, er ikkje godt å seia. Seilet på Våler kyrkje har vindauge tilfeldig spreidd utover den eine veggen, samt at vindauga er kutta inn som enkle hol, eit symbol på maskinalderen, og begge modernistiske arketypar. Kanskje meiner han at seilet hos nye Våler kyrkje har proporsjonane til det gylne snitt, utan at eg veit noko om dette? I so fall vil eg opplyse om at det gylne snitt er eit uttrykk for biologisk vokster og har ingenting å gjera med venleik.

Nikos A. Salingaros har nyleg skrevi ein artikkel med tittelen ”Applications of the Golden Mean to Architecture”, der han viser at venleiken har eit fraktalt størrelsesforhold ≈ 2,7. Dette talet gjev ein struktur som gjeng att i all tradisjonell arkitektur gjennom alle tider, og har difor vorte gjeven nemninga den universelle skaleringslova. Dessverre vert det altfor tydeleg at dei moderne kyrkjearkitektane manglar forståing for denne lova, som er mellom dei tre lovene for strukturell orden.

Det trancendentale mennesket finn inga atterkjenning hjå moderne kyrkjebygg, då desse er abstraksjonar av førestellingar utan tilknyting til det heilage i naturen. Den kampen aksjonsgruppa i Våler fører er difor ein kamp for venleiken i verda, utan venleiken har ikkje menneskeslekta nokon framtid.

Øyvind Holmstad

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.

Featured Post

Hovdetoppen - Mjøslandets største øyensår

Da vi forlot Gjøvik i 2018, var planen å flytte tilbake så raskt råd var, men så oppdaget jeg plutselig store skogsmaskiner oppe på det unik...