Skip to main content

Regjeringsblokka er inkje anna enn monoton repetisjon

Det har vore mykje skriving i det seinare om kva som bør gjerast med regjeringsblokka. Sjølv må eg innrømme eg ikkje har fylgt med i debatten, eg har knapt skanna overskriftene. Dette fordi for meg er denne blokka berre nok eit eksempel på ein trist bygnad blotta for liv, og same kva for symbolsk tyding mange ynskjer å tillegge denne, vert ho inkje anna enn ein livlaus og daud betongkloss, i Le Corbusier sin ande. Ho er og direkte angstskapande, som om ikkje 22. juli har generert nok angst i seg sjølv.

Regjeringskvartalet; høgblokka – arkitekt Erling Viksjø.

There is something profoundly disturbing about buildings that consist of horizontal slabs. We can understand this physiological/psychological reaction because of anti-gravity anxiety. A large number of horizontal buildings have been built around the world, their architects ignoring our negative reaction to them. In addition to affecting our senses, this method kills architectural design in three dimensions, since building facades cannot be created within this narrow design paradigm.Twelve Lectures on Architecture, av Nikos A. Salingaros, side 52

Illustrasjon: Nikos A. Salingaros

Skal vi byggja eit monument som gjev von etter dei tragiske hendingane sumaren 2011, må dette verta gjort gjennom ein bygnad full av liv og energi, det motsette av dei kjenslene den monotone repetisjonen til regjeringsblokka skapar i oss i dag. Denne livlause repetisjonen sug livskrafta ut av menneskjesjela, og er ikkje uttrykk for anna enn fåfengd nihilisme, og tener ikkje til å representera ein nasjon. Det einaste dette uttrykket tener til er å redusera mennesket til ein maskin, og lågare gjeng det inkje å fella. For ei djupare forståing rår eg til å lesa utgreiinga av Nikos Salingaros og Kenneth G. Madsen II: Neuroscience, the Natural Environment, and Building Design.

Dette er ikkje mi subjektive meining, men matematiske og vitskaplige fakta. Rett nok har ikkje forskinga innan biofilisk design enda klart å fullt ut gje ei matematisk forklaring på kvifor monoton repetisjon er utilfredsstillande, men professor Salingaros er godt på veg i essayet: Why Monotonous Repetition is Unsatisfying.

Bakgrunnen til dette essayet er og interessant, då det vart laga ut frå diskusjonar med matematikaren Phil Keenan, etter at han søkte modellar for kva som gjev dei mest interessante mønstra, og fann at Salingaros sine arbeider var dei matematisk sett mest lovande. Les meir om dette på bloggen til Keenan: Meandering Through Mathematics.

Likevel, det viktigaste med essayet til Nikos er at det gjev svar på kva vi kan gjera for å skapa ein sterk biofilisk og livgjevande effekt. Her kan eg nemna stikkord som fraktalhierarkier, universell skalering, Alexanders 15 verdiar for liv, symmetribrytning og Alexanders teori om sentre. Dessverre er arkitektureliten ein kult som ikkje vil vedkjenne seg noko av denne viktige forskinga.

Tvert imot har dei gått frå monoton repetisjon til ingen repetisjon, eller rein slump, men basert på dei same gamle modernistiske typologiane. Eg vil tru dette er fordi dei tykkjer det er kult, for er det noko menneska strevar etter i dag er det den opphøgde kulskapen, den aller heilagaste eigenskapen hjå dagens modernist-liberale samfunn.
Coolness started with jazz musicians, and still has something of the spirit of the night, of escape from everyday reality, of unconditioned freedom, of improvisation without a goal. It’s the liberal equivalent of the divine grace that bloweth where it listeth and none can define.

It has something in common with sanctity. The cool are in the world but not of it. They possess a certain disengagement, so that they are independent of their surroundings and not easily flustered or excited. They’re not conventional, and recognize immediately whatever they’re presented with. That gives them a sort of perfect pitch in matters of perception, expression, and practical decision.

Of course, coolness is also very different from sanctity. Sanctity is about eternity, coolness about today. It has religious aspirations, but its hedonism and individualism means it goes nowhere. The lives of the saints have enduring interest because they point to something beyond themselves, the lives of the hipsters don’t. – James Kalb
So kan hende er det like greitt vi let regjeringsblokka stå? Det ser ut til at alternativet er eit bygg som inkje symboliserar anna enn kulskap og rå konsumerisme. Slik som det skjedde etter at tvillingtårna falt.


Artikkelen er gjengjeven hjå Kulturverk.

Comments

Popular posts from this blog

Paddehoa og plassen min

Kjære plassen min, kvalt du vart, lik ei paddehoe alle paddehannane kasta seg over i dammen om våren.
Dei ville alle bu ved dine grøne enger, då dei tykte det her var so vent og fredeleg. Men dei vørde deg ikkje, og no er du kvalt til daude.
Herr Fossemøllens augnestein stend utan låven sin, her gjeng ikkje lenger dyr og beitar i dine grøne enger. Berre grasklipparar beitar her no.
Dei elska deg til daude, og med deg i grava di tok du den rike
grendearven din.
No stend vi ribba attende.

Kapping av hulkillist

Hadde nesten ferdig et hjørne med hulkillister i dag, men så fikk jeg somlet meg til å kappe 2 mm for mye. Da var dagen over og rett hjem og helga ødelagt! Men får tro jeg får en ny dag i mårå? Har funnet litt på nett, så går på med fornyet optimisme over helga. Får trøste meg med at skal man bli god i noe må man minst holde på 10.000 timer.




En god artikkel:
5 snarveier når du skal legge lister
En kommentar: Kort sagt må man tenke motsatt når man lister med hulkil. Se for deg at du legger lista feil vei (den som peker mot/tar i taket) legger du jevnt med underlaget på sagen. Den delen som skal på veggen legger du på anlegget/landet på sagen.  Skjær den første vinkelen du trenger. Så maler du deg ut ifra den, setter merke på den delen som ligger på anlegget/landet på sagen, vrir saga til den vinkelen du skal ha... skjærer forsiktig litt og litt av til du treffer streken...

Så bare til å montere :)

Lite tips er å kappe hulkil lister 1-2 mm for kort, slik at du har litt plass å bevege lis…

Minus låven

Er det noe som gjør meg oppgitt og motløs, så er det ødeleggelsen av kulturmiljøet til Grythengen. For dette er totalt ødelagt, om et bombefly hadde kommet over her og sluppet et lass med bomber, ville det ikke hatt noe å si fra eller til for kulturmiljøet stedet mitt var en del av. Og det at man fortsetter med denne ødeleggelsen helt opp til denne tid, er ubegripelig. Det nye pumpehuset ved Grythengen og den nye skitrasemotorvegen etter seterstien til mine forfedre, er begge deler en vettløs ødeleggelse av kulturmiljøet til plassen min, det samme med tilintetgjørelsen av Skreia som urban landsby. For Skreia var selvsagt også en del av det utvidede kulturmiljøet til Grythengen. Det finnes ikke lenger noen som ser noen form for helhet eller som har forståelse for de lange linjer. Som kulturmenneske er det selvsagt umulig å forbli her.
Denne blindheten skyldes dessverre at vi har blitt et narsissistisk samfunn, og vi er på god veg til å bli et psykopatisk samfunn. Et samfunn som har ød…